Julekalender i adventstida – 18. desember

 

 

JULEROSER
(redaktør Herborg Kråkevik)

 

 

LUKE NR. 18

 

Stjernesakn

To tredelar av alle nordmenn bur slik til at dei ikkje kan sjå Mjølkevegen,
og dette uroar meg.
Slik gatelys i ansikta til ungane mine uroar meg.

 

Menneska har alltid kjempa mot mørket, mot mørket og kulden som om dei var fiendar.
Vi gjorde opp eld, fann opp oljelampar og etter kvart glødepærer og LED.
Pøsa og pøsa på med lys.
Og no kjennest det som det er nok.
Nok lys.
Det er snart ikkje skilnad på natt og dag, og dette uroar ikkje berre meg, men forskarar òg,
for det kunstige lyset forstyrrar kroppen vår, rytmane våre, forstyrrar plantar og dyr og alt som lever.
Skjelpadder som navigerer etter stjernehimmelen, går seg vill,
innsekt flyr inn i gatelykter og døyr i milliontal, fuglar krinsar rundt lysande oljeplattformar og bruker opp kreftene på sin veg over havet.
Og vi menneske slit med søvnen.
For dette kunstige, blå lyset som det finst så mykje av i både utelys og innelys og i alle skjermane våre,
går rett inn i hjernen vår og seier at no er det dag.
Og då stoggar produksjonen av mørkehormonet melatonin, som gjer at vi kjenner oss trøytte, og som senkar kroppstemperaturen og gjer oss klare til natt.
Og natta trengst.
Kvile trengst.

 

Alt dette. Uroar meg.

 

For sjølv om eg har vore mørkredd lenger enn eg kan hugse, skjønar eg no at kanskje mangelen på mørke er meir skremande enn mørket sjølv.
Skremmande og likevel så enkelt å gjere noko med.
Lyset forureinar jo berre så lenge det står på, kva med å slå det av?
Når eg står der ute på altanen i fuglefjellblokka mi, ønskjer eg meg ein hovudbrytar for byen, så eg kan slå av alt lyset nokre minutt.
Berre nokre få minutt denne stjernehimmelkvelden.
Då kunne alle som ville, sjuke som gamle, gå ut på trappa eller sjå ut av vindauget sitt.
Sjå opp og ut i den gjennomhola svarte himmelbotnen, sjå Mjølkevegen og inn i universet og alle mysteria og bakover i tid.
For sjølv om lyset er det raskaste i verda med sine 300 000 km i sekundet, er dei stjernene vi ser, så langt unna at dei kanskje er døde for lenge sidan.

 

Men eg har ingen hovudbrytar, og eg saknar stjernene.
Eg saknar meg sjølv på fjellet, i alt for store, grå tøflar i den kvite snøen, som ser oppover i lag med pappa, i lag med fleire søsken, og der stod vi og trekte liner mellom stjernene og prøvde å skjøne det pappa forklarte om Karlsvogna og Orions belte, og kanskje gløymde vi at vi vart kaldare og kaldare, gløymde alt, før vi hugsa kakaoen og sprang inn att.

 

Jon Fosse har skrive at du aldri kan sjå lenger enn i mørket.
For ei sanning det er.
Du kan aldri sjå lenger enn i mørket.

 

Sigri Sandberg

 

 

Utdrag fra historie i Juleroser

 

 

 

#julekalender #juleroser #samlagetegmont #sigrisandberg #stjernesakn #adventskalender #lukenr18 #ventetid #18desember #advent

2 kommentarer
    1. Fine og tankevekkende ord igjen. 🙂 Her ute i Huset ved sjøen har vi mange fine kvelder og netter med flott stjernehimmel. Det er så fascinerende. Og det som gjør at jeg trives best med å bo slik. I byen ser vi jo nesten ingen stjerner. God lørdag i advenstida! Klem 🙂 <3

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg