Julekalender i adventstida – 7. desember

 

JULEROSER
(redaktør Herborg Kråkevik)

 

 

LUKE NR. 7

 

Fire roser ut i snøen

Skulle vore fire mann i romjul –
dĂĄ skulle det bli tid og rĂĄd med alt.
Ein av oss han skulle opp i fjellet,
og sitje med ein omn der det er kaldt.

 

Ei rose set eg frĂĄ meg pĂĄ eit bord der,
som takk og gode ynske utan ord der.
Ein annan stad der har eg lagt ei bøn:
Hjå deg ligg fire roser ut i snøen.

 

Den andre skulle reise til familien –
den heime, som eg ein gong kom ifrĂĄ.
Og bror min skulle vera på humøret,
og syster mi sku`le og høyre på.

 

Ei rose set eg frĂĄ meg pĂĄ eit bord der,
som takk og gode ynske utan ord der.
Ein annan stad der har eg lagt ei bøn:
Hjå deg ligg fire roser uti snøen.

 

Tredje mann han skulle vera heime,
og ut i byen og treffe folk ein kveld,
men ogsĂĄ nyte dette reine huset,
og lesa den der boka likevel.

 

Siste mann han skulle gjera resten
av alt det der som i jula høyrer til –
ogsĂĄ det som minner ein om mykje
av ting som ein i livet heller vil.

 

Ei rose set eg frĂĄ meg pĂĄ eit bord der,
som takk og gode ynske utan ord der.
Ein annan stad der har eg lagt ei bøn:
Hjå deg ligg fire roser ut i snøen.

 

Ein annan stad der ligg det som ei bøn:
Hjå deg ligg fire roser ut i snøen.

 

Snøfrid Hunsbedt Eiene
“Hus forlatt”

 

 

#samlagetegmont #herborgkråkevik #adventskalender #julekalender #ventetid #advent #husforlatt #snøfridhunsbedteiene #lukenr7 #husforlatt #7desember

4 kommentarer

Siste innlegg