linjene

 

 

Av og til bare ser og ser og ser du
Linjene som har komt, nesten over natta
Er det nedtur eller opptur
Korleis å reagere, tenkjer du
Eigentleg vil du sjå deg som du var før linjene, men det går ikkje å stoppe tida
Ikkje går det å gå tilbake nåkre skritt heller, for det går framover
Så er det det at det ikkje går så sakte heller
I barne- og ungdomstida gjekk det alvorleg sakte
Sånn var det

Og du ser deg i spegelen, og undrar på om lyset er litt feil stilt, for skarpt,
eller om du berre står alt alt for nært
Det hjelper å trekke seg litt tilbake, då er dei ikkje så tydelige
Dei er der, linjene,
og dei forsvinn ikkje, men blir fleire etter kvart
Di reise gjennom tida har markert seg sånn plutselig
Eller, ikkje så plutselig heller,
for du har lagt merke til det ei tid
Berre at no er det veldig tydelig

Du ser i spegelen igjen,
litt nærmare no,
og følger linjene med fingeren
Dei er mjuke, og huda er mjuk, mjuk for ein god klem
Ein liten bevegelse med hodet, litt slik på skakke, eit blunk med auge og eit lite prøvande smil,
og der er du igjen
Det indre, vaksent og på plass,
akkurat der du skal være no
Men,
på same tid ikkje vaksnare enn som trengst

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
5. januar 2025

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg