No har eg tid
Når eg tenkjer på det no, så skulle eg brukt meir av mi tid, på deg
Eg visste ikkje om så mykje då, i barndom og ungdomstid
At tida ho flyge og forsvinn ofte brått
Og dei ein har nært ikkje varar for evig
Det er slikt ein kanskje ikkje fokuserar på, berre ganske flyktig
Dei kjem og fer, det har dei alltid gjort
Menneska på jorda – generasjon for generasjon
Eg føler eg er midt i det, født inn i moglegheiter for alt
Du var der på sidelinja – hadde gjort ditt – du var sliten
Eg som var ung og uviten – du som var vaksen og i mine auge gamal
Kva hadde vi til felles
Jau; familie og nære band
Eg skulle brukt meir tid hjå deg – lært deg å kjenne
Gitt deg tusen klemmar og fått tusen tilbake
Hadde visst kven du var – ikkje berre at du var
Hadde liksom ikkje tid når tenåra kom
Det var så mykje å rekke
Var så mykje anna å sjå
Var så mykje anna som krevde sitt
Heilt til du ikkje var meir
Så for du også
Familie som minka
Og eg stod der og vinka
Hadde ikkje komt nærmare
Hadde ikkje teke meg tid
Mi tid var andre prioriteringar
Og i dag sit dei der, tankane
I dag sit det der, saknet
For du var der for alle
Du var der for meg
Eg berre såg det ikkje
Var for opptatt og vekse til
Du var aldri anonym på nokon måte
Respekta hadde du
Det var ei anna tid
Og vi kom med den nye
Når eg tenkjer på det no, skulle eg brukt meir av mi tid på deg
Bli kjent på den hjartegode måten dei blir kjent på i dag
So annaleis i dagens samfunn
Det skulle ikkje være slik den gongen
Tenk om eg hadde mine besteforeldre her i dag
Eg hadde hatt seks av dei eg, for eg var så heldig
Ikkje mange som kunne seie det, at dei hadde seks besteforeldre,
sjølv om ikkje det gjekk heilt matematisk opp når ein rekna på det
Eg skulle bruke meir av mi tid hjå dei
Og gi dei ein klem kvar gong eg besøkte dei
Vi hadde hatt så mykje å snakke om
Så mykje å fortelje kvarandre
Så mykje å lære
Eg skulle ynskje dokke var her no, no når eg er vaksen
Eg saknar mine besteforeldre
Petter og Aslaug
Gunnar og Olivia
Jacoba og Johannes
Eg skulle så gjerne hatt dokke her
Saknar dokke, og minna er gode – eg er stolt og kan smile frå hjarte
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
Johannes
Jacoba Sofie
Petter og Aslaug
#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen
Dette var kjempeflott og nydelig skrevet blogginnlegg 😍 De ville vært superstolt av deg ❤❤❤
Ønsker deg en superfin torsdag ❤😊
Purr, purr, og klem fra Toril og kattene
Tusen takk 🙂
Så fint og tankevekkende innlegg. 🥰
Kunne vi bare benyttet anledningene når de var der ❤️
Har tenkt på det jeg også…at jeg skulle gjerne spurt mormor mer om hvordan hun hadde det, hva hun hadde opplevd gjennom livet. Hun var ikke så ivrig på å dele heller. Morfar var mer åpen sånn.
Som lita jente og hele tiden mens de levde, skrev jeg brev med mine besteforeldre, og det er jeg så glad for i dag.
Tenker på mine barnebarn, og at de nok også kommer til å ha slike tanker en gang….❤️
Ikke sant 🙂
Vakre ord, og fineste bilder! <3<3<3 nydelig!
Tusen takk ❤️