resignasjon

 

Av og til sit du berre og vil grine
Tårene ligg på kanten, men dei kjem ikkje lengre
Følelsar innvendig, ting som berre nesten kjem til overflata
Det bølger litt, men fossar ikkje over

Av og til er det slik, at skjoldet du har rundt deg, lagar brister
Skjoldet som er styrken din, sprekker opp, og smerte og mattheit sig inn
Du forsvarar deg som best du kan
For det er akkurat slik, det er ikkje så mykje anna som hjelper

Bruke tomheita som sig på, og snu den rundt
Bremsespora blir djupe, men du klarar det
Snuoperasjonen er vellykka og skjoldet tetnar til
Styrken er stabilisert til beste evne

Av og til skjer det, og gråten sit laust
Men det kjem ikkje ein lyd, ikkje ei tåre
Resignasjon
Du står i det, og stillheita lagar ikkje ein lyd

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
mars 2024

 

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

10 kommentarer

Siste innlegg