ro ro

 

Ro ro til fiskeskjær
Og du ror sĂĄ hardt du berre kan
Du ror sĂĄ det sprutar rundt deg, og til armane ikkje klarar meir
Så blir det stille og båten ligg og duppar i sjøskorpa
Der og dĂĄ kjenner du at du gir du opp,
og i eit kort sekund forsvinn du litt innover
Du ser årane langt der bak når du kjem til deg sjølv, og innser at du er hjelpelaus utan dei
Ei tĂĄre renn ned langs kinnet
Du ville ikkje sĂĄ langt ut, men det berre vart slik i fortvilelsen

Ikkje gi opp kviskrar det rundt deg
Du kjenner det kitlar i andletet og det brusar litt ekstra i sjøen
Det er vinden som røskar i håret ditt
Du ser opp mot den blĂĄe himmelen i undring
Vinden tek tak i bĂĄten, og sakte men sikkert sig du mot land
Ikkje der du starta, men det er landfast
Takknemligheita sig innover deg,
og med lettare skritt spring du heimover
Unnskyld kviskrar du, inn i forkleet til mor

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

4 kommentarer

Siste innlegg