under teppet

 

Vinter.
Er det ikkje kvitt ute,
så er det heller matt og grått.

 

 

Fargelaust.

 

 

Men dei står no der og strekkjer seg,
og viser seg frå si beste side.

 

 

Alt som har vore høgreist og skimrande vakkert – enda vil dei vise av sin prakt – strekkje seg mot lyset.

 

 

Ein gong prangande og strålande staseleg vakre,
no berre ein skugge av seg sjølv.

 

 

Beviset på at noko flott har stått akkurat der.

 

 

Der dei står nakne og grå, rakt som eit strå som ikkje har knekt.

 

 

Fargelaus men stolt.

 

 

Og om du ser nøye etter, like vakker.
På ein annan måte……….

 

 

Innpakninga kan være så ymse.

 

 

Vinteren.
Den gjer noko med ein.

 

 

Viskar ut og tonar ned – om det ikkje verte kvitt ute – for då lysnar det.

 

 

Fargeskalaen har vorte blass.
Regnbuefargane viska ut.

 

 

Men bak fasada – det ligg noko og ventar.
Bak alt forfalne – og kanskje under det kvite teppe.
Der ligg noko nytt – eit fargekart i emning.

 

 

Så om du kan sjå det vakre i det forfalne – i strået som ikkje bøyer av – gråsona så tung og trist.

 

 

Om du ser forbi alt det der, så ligg regnbua der og ventar – under teppet er noko nytt i emning. Kanskje vakrare enn nokon gong.
Og dette er det vinteren vernar om.

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
25.11.19

 

 

 

 

 

#vinteren #regnuen #underteppet #gråsone #vernaom #fargar #minedikt #etdiktomdagen #mettejosteinsdatter #blogg

12 kommentarer

Siste innlegg