gloser

RUNDEVARDEN
Opp trepet pÄ Runde.

Ja i dag var fjellet fylt av heite gloser




Iallefall rundt meg.

Parkerer pÄ Runde, og startar turen opp trepet.
Nydelig temperatur og greier.
Gleder meg til Ä nyte medbrakt mat og drikke enten pÄ vegen opp eller nÄr vi kjem fram til Varden, eg og Leia.

Men det gjekk ikkje lange tida fĂžr feite floger starta svirre rundt oss.
Og, med svette, vindstille og varme, ja dÄ aula det brÄtt av floger rundt bÄde hund og menneske.
Og eg som IKKJE likar floge – likar ikkje ein gong Ă„ hĂžyre “surringa” frĂ„ dei.
Kan klikke  i vinkel av mindre.

Men, etter ei rask gange opp trepet med eit ormegras-blad som vifte rundt haude, og aukande hysterisk beskjed til hunden; gÄ   gÄ   gÄ  gÄ!!
klarte vinden Ä ta vekk floger og svette for ei stund, oppe pÄ fyrste flata.


Slappa verkeleg av og gleda meg til Ä starte pÄ vegen mot Rundevarden og nyte dagen.

Skodda kjem sigande sĂ„ trolsk og spanande som berre det – og vi nyt det.

Men, sÄ lenge var Eva i Paradis


..

FLOGE!

Svarten ta altsÄ    

Men varden skal vi til – og ormegras-bladet hadde eg kasta fra meg i det floge-frie omrĂ„det


.


Hendene for som propella, glosene hagla og solbrillene fauk lyng-imylla kvar gong panikken tok over.


Det var faktisk so ille at eg tenkte snu 
.. men hÄpet var at det var vind pÄ toppen som skulle blÄse vekk alle FLOGENE.
Men den gang ei


FLOGE!


Nokon hadde hengt frĂ„ seg flagget – og det hang fint der det 🙂


Vi klarer ikkje springe ifrÄ flogene og mÄ berre prÞve puste roleg og beherska.
Turen ned fra varden gÄr bedre enn forventa.
Kanskje flogene var gÄtt lei all handgemeng og sterke ord
..


Turen vart bedre dÄ vi gjekk mot Lundeura.
Der fekk vi site Ä kose oss ei heil stund i FLOGE-fri sone.

No er alt glĂžymt.
Til neste gong, ikkje sant?
Slik er det med det meste.
Det dabbar av nĂ„r det er over 🙂

 

 

#trepet #rundevarden #runde #fjelltur #floger #panikk #varmogsvett #turerifjellet #fotografering #natur #hobbyfotograf #hundenLeia #shetlandsheepdog

14 kommentarer

Siste innlegg