Okey, derfor eg er så maroder i kroppen ja………. Det er kvitt oppe i fjellet, når eg står opp i dag. Den kalde temperaturen, nordavinden og skodda bryt liksom ned alt, og kroppen har reine tannverken, for deg som nokon gong har hatt tannverk. Det er som knivar i bein og musklar. Ein konstant verk som ein kronikar kjenner godt til og har ellers året rundt, men på slike dagar liksom berre “tek av”.
Men det er blå himmel ute og sola skin, tenkjer du, sjølv om du har problemer med å rette opp nakken og site nokon lunde behageleg på stolen. Haudepinen ligg der og murrar lengst bak i nakken og heilt foran ved tinninga. Du ser ut, og ein måse skit frå lufta. Tenk om eg kunne flyge, og berre slå med vingane og kome meg vekk. Til varmare strøk, til ein smertefri kropp. Men å flykte er vel ikkje løysinga. Eg sit no her med kroppen, og kan ikkje anna enn å ta dagen. Nokon ville vel berre drage dyna over haude fordi dei ikkje orkar noko. Men det er ikkje alternativ for meg, for det gir mat til smerta som herjar. Her er det berre å ta tyren ved horna og gå på. Bruke dagen som alle andre dagar. Ignorere tannverken som har maraton i kroppen, og gripe dagen.
Man kan no sei at smerta tek knekken på det meste og utmattelsen tek overhand. Men om ein kan seie til seg sjølv at ein ikkje vil det, at utmattelsen skal ikkje få ta overhand, og har vilja og styrken til å snu på det, har ein allereide vunne ein stor seier. Og derifrå eit lite steg om gongen mot det som kanskje blir ein meir smertefri dag.
Eg veit det er enkelt å seie, her eg sit med følelsen av ein stokk rett gjennom nakken og ryggen, og ein smerteskala som ikkje liknar noko anna…… Men vi veit det går over! Det er no det som er herligheta opp i all elendet, at det går over!
Så ta tyren ved horna og ta smerta ved torna!
Bevegelse er uansett rein medisin. Og no skal eg snart ut ein tur, og gå av meg rusk og rask.
Om ein klarar snu tankane til noko positivt er mykje arbeid unnagjort 🙂
Jeg elsker disse formene i sanden som av og til viser akkurat hva som er der og andre tider må man bruke fantasien litt mere. I dag må man bruke fantasien litt………. men jeg ser jo så forskjellig så 🙂
Men morsomt er det, å både sprette rundt å ta selfier eller studere den vakre naturen, eller leke med hunden.
Ny eigenskap i positiv forstand? Når det skjer noko, og det er stille som i grava. Ikkje eit utbrudd, ikkje fekting med hender eller ramsvart tirade av ei anna verden. Berre stillheit, eit skuldertrekk, og gå på vidare. Ein flyktig tanke; jaja. Eg trur det er ein ny eigenskap ja. Har eg bestemt meg for at ikkje elendet skal pille meg på nasa? Enn so lenge har eg blikket retta framover og lar det stå til.
I går var jeg på Runde med ei venninne og hunden Leia. Brukte min bil 🙂 Vi var på tur i noen timer……… Og da vi kom tilbake til bilen, var bilen full av fluer…. hvordan har det skjedd da? Og før jeg setter nøkkelen i tenningen, oppdager jeg at vinduet på førersiden er litt rart……….. det er fullstendig nede…….. og jeg kommer på at da jeg rygget meg til, hadde jeg tatt ned vinduet, og glemt ta det opp igjen. Så der hadde bilen stått og blomstret med vesken min i full åpenhet – bankkort og hele pakka…….. så alle som gjekk forbi kunne stikke hånden inn og forsyne seg…. Jeg sa ingenting til Torill…. bare sjekket diskrè at bankkort lå der de skulle ligge. Fluene hadde jo kunnet kommet inn da vi satte oss i bilen…
Så en annen ting……… jeg er en ivrig rydder til tider, og i den siste tiden har jeg ryddet på bloggen min. Jeg har slettet uendelig mange bilder. Helt til jeg forstod at de jeg slettet fra biblioteket her, de forsvant også fra mine innlegg……….. Så sier jeg ingenting, men bare går videre…….. For hva skal man ellers gjøre? Ingen krise! Så har jeg en del bildefrie blogginnlegg…….. og noen innlegg med spredte bilder her og der.
Sånn er det når man gjør ting før man i det hele tatt tenker…………..
Og vi tok av etter brua og kjørte til venstre mot “trepet” men gjekk opp hakke bortanfor trepet – då eg hadde gått der ein gong for nåkre år sida………….og eigentleg hadde gløymt korleis det var å gå der ……
Men Torill skrytte av den fine stien………. til å begynne med…….
Fotograf; Torill Haddal Remøy
Og utsikten er upåklagelig!
Fotograf; Torill Haddal Remøy
Så litt utfordrande var det med klatring……….. då eg ikkje ville gå den stien som var heilt ute på kanten……..
Men Torill meinte ho heller nok hadde klart den stien eg unngjekk….. ho er hakket tøffare enn meg, Torill………… Men vi kom oss opp ja, både hund og menneske 😀
Med kvalsvika i sikte.
Og bratt ned er det også.
Vi er oppe ved #Rundevarden – og her er det visst bok å skrive seg i som eg ikkje visste om, men er ikkje så nøye, vi dokumenterar i bilder. Boka ligg gøymt i ei hole i varden visst nok. 😀
Rundevarden er eit flott turmål. Heile Runde-fjellet er eit flott tur-terreng å gå i.
Litt kald vind på toppen og ei regnbyge som fauk forbi oss og vi snur nasa nedover igjen og siktar oss inn mot Rundebranden.
Mykje folk ute i fjellet og alle skrytte kor fint det var å gå på Runde.
Mykje ørn var det også i dag.
Og ein hund som hoppar opp på alle steinar for å gjere matmora fornøgd – for hunden veit no at matmora vil ha bilder av hund og natur 😀
Når du har vokst opp på disse kantar, har du nok høyrt om “Trollvogga” på Runde.
Eg høyrde mykje om den då eg var lita, og at om den falt/raste ned, kom den til å lage ei gedigen flodbølge. I og med vi ikkje bur i ein trang fjord, men ved havet rett ut, blir det vel ikkje nåka flodbølge, får ein håpe på.
Den står no enno, Trollvogga, og det hadde no vore fristande å “hoppe” ut på den, men hverken eg eller Torill tok sjangsen, sjølv om eg kunne love at det ville bli eit flott bilde av Torill, om ho hadde tatt risken i dag 😀
hehehehhehe
Nei ingen turte, for tanken om at den akkurat i dag, skulle kunne rase ned, slo oss kraftig. Men eg må no innrøme at eg i oppveksten såg både eine og andre scenariet med at “trollvogga” som eg ikkje visste kva var og korleis såg ut, kom til å lage flodbølge og legge kvalsvika under vatn. I dag roa Torill det heile ned ja, med dette at vi har ope hav rett ut…….
Men slik litt vågale er me no……. Og her også, Torill hakke tøffare enn meg, for eg kjente det skikkelig i føtene – ja fekk litt skjelven…. av å stå ved sida av Trollvogga for å få rette scoopet.
Trur hunden var ganske så lei…………
Men bilder må man ha 😀 !!!
Eg trudde/følte at underlaget rasa kva tid som helst………..
Men vi smilte tappert for å få rette bildet å legge på media 🙂
Slik er det!
Så vart det noko nytt å skrive om på Runde, som eg ikkje har skreve om trur eg, berre fordi Trollvogga nesten har gått i gløymeboka.
Men den ligg/heng der like fint no som for 50 år sidan og før den tida også……. Ka tid den løsna og blei slik – voggeaktig, det veit eg ikkje.