HERØY REVMATIKARLAG
Turgruppa “OPP Å GÅ” var på Heid tursti i går.
Og i lag med ledar for Herøy revmatikarlag, Mona Høybakk Voldsund, trossa vi kulde og regn ein av disse siste dagane i mai, og tok motbakken på strak arm.
Og for å gjere ein vri på turen, skulle vi møtast ved kulturhuset og gå “monsterbakken” opp
– og vidare over og ned ved Borga og tilbake til utgangspunktet.
Med ein fotoshoot i gapahuken
Spreke damer på tur!
Kanskje er det mannfolk også som vil være med på turane framover?
Dokke er iallefall hjartans velkomne
Smilande og blide tok damene fatt på “monsterbakken” – og der var også nokon som IKKJE hadde gått opp denne bakken før, men NED, så det vart ein ny opplevelse.
Godt kledde og skodde og sjølvsagt med ein paraply for hand.
Paraplyar er ei fargeglede i seg sjølv!
Her var det ledaren, Mona, som måtte ta bilde av oss
Vi må alltid prøve å få eit felles bilde av alle, og det vart tatt i gapahuken denne gongen.
#selfie
Og alle var einige i at det var ein flott tur, sjølv om det regna og var kaldt.
Det fyrste skrittet er å kome seg ut av godstolen, uansett vær og vind, og når ein har klart det, er mykje gjort.
MESTRINGSFØLELSEN!
Takk for kjekke tur!
#aktivtrening #herøyrevmatikarlag #oppågå #norskukeblad #tatak #utågå #mestringsfølelsen #helse #dinhelse #minhelse #vårhelse #turglede #heidtursti
du for en flott gjeng,dere er virkelig spreke :=) monsterbakke,er det pga bratt terreng eller lengde ?
Bratt stigning