hakk i plata

 

 

 

du hugsar det
du gikk ofte forbi og kika inn vindauget
var det noko nytt i utstillinga
du måtte innom og sjå
kanskje høyre litt også
du peika på plakaten og den bak disken nikka
leita fram og kobla til
og der stod du med øyreklokker på og høyrde på den ferskaste songen
lp-plata du ønska deg var komen i butikken
du fekk høyre heile skiva og kunne bestemme om du ville kjøpe eller ikkje
jau denne ville du ha og nikka til butikk-eigaren
eller
det var fleire fristande lp-plater å studere i
blade i lada frå a til å
høyre på litt fleire
så gjekk du derifrå utan noko
du hadde fått høyre det du ville
skulle ynskje deg kassetten istaden for lp-plata tenkte du for deg sjølv
kika litt meir gjennom vindauget
den plakaten hadde du på veggen
ein Elvis-plakat
alle visste kven Elvis var
då du stod i butikken, kjøpte nokon Lillebjørn Nilsen
kven var det då, ein norsk musikar
nei, det måtte være Elvis
eller noko anna utanlandsk
det var den gong då
lp-plater og kassettar
når kassettspelaren “åt” bandet og du måtte hale og dra og “rulle inn” ved bruk av ein blyant eller noko anna hjelpemiddel
eller hakk i plata –
då var den øydelagt då, lp-plata

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
15. juli 2025

 

 

#etdiktomdagen #minedikt #tankerblirtilord

6 kommentarer

    1. Vi hadde sånne som så ut som telefoner, som vi dro opp av et hull, og sto og hørte på med et øre. Jeg kjøpte aldri noe. Hørte ikke så ofte på disse heller. Hadde storesøsken hjemme som viste meg musikk, kasettspiller og musikk fra bror, og senere søster, når hun arvet kasettspilleren 😀

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg