Du kom deg ikkje fort nok vekk,
frå bygda
Den kjedelige bygda
Bygdejente
Du ville ikkje det, være det, frå bygda
Du ville til byen
Det forlokkande landet der allting skjedde
På bygda visste alle alt,
og ingenting skjedde
Aldri meir om du skulle tilbake
Aldri meir om du skulle bu slik
Byens larm og byens sjarm
Folkelivet og folkevrimmel
Aldri folketomt, aldri stille
Ein i mendga – ein framand blant alle andre
Smelte inn, gå i kø og stå i kø
Du ser dei fattige gå,
og tigge
Du ser så mykje som ikkje er synleg, der heime
Det er mykje ein blir van til, etter korte tid
Den travle straumen spring som mauren
Ein i mengda,
ingen kjenner navnet
Du føler både tryggheit,
og usynligheit
Heime på bygda er det smått ei endring
Nye kjem til, og andre forsvinn
Generasjonsskifte er det visst
Den trygge rama lagast no av andre
Så er du tilbake, litt ufrivillig
Frå ein liten maur til eit synleg menneske
Nye relasjonar er i siget
Ei by-jente har komt tilbake til bygda
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
mars 2026
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt




Så kjent, så følt og er der, tilbake, sjøl om jeg aldri skulle. Og har funnet ut at om en ikke bryr seg kan en føle seg usynlig, for det er så mye som er bra også <3
Ikke sant…. det er mye som er bra også 🙂
syes det høres fint ut eg :=)
🙂
Så fint skrivi, Mette <3 klem
Tusen takk Margrethe 🙂 klems