det inspirerar

 

Noko du ser, leser, opplever, går deg rett på, observerar, tenkjer, føler, sansar….
Det kan inspirere
Og brått fyker det tusen tankar og idear gjennom hodet
Å bli inspirert er ein herleg følelse
Så er det å finne tak i den fyrste tanken frå inspirasjonen, som føyk over nett-hinna, eller den neste eller neste…
Ikkje alltid like lett – men av og til går det betre enn andre gongar
Det treng ikkje være noka stor oppleving som gir støtet, men berre noko tilfeldigt forbi-farande
Rart med det, når du kikar opp mot fjelltoppane, kor glad det gjer deg innvendig, og smilet lurar bak fasada
Dei inspirerar deg, fjelltoppane, fjella og skogen
Naturen i seg sjølv er ein veldig stor inspirasjon
Du sparkar tilfeldig til ein stein, og eit smil openbarar seg, eit hjarte skimtast i det fjerne,
og sjøen ligg der speilblank, eller smeller innover med faste bølgeskvulp
Det inspirerar
Du inspirerar

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
10. mai 2026

 

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

7 kommentarer

    1. Jeg lar meg lett inspirere, og har en fantasi som nesten tar pusten fra meg 😉 Ble inspirert av en innlegg hos Utifriluft, som jeg har skrevet en fortelling og postet på bloggen. Må gjerne stikke inn å lese 🥰

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg