dei sulla meg så underleg

 

DEN FYRSTE SONG

 

Den fyrste song eg høyra fekk
var mor sin song ved vogga;
dei mjuke ord til hjarta gjekk
dei kunde gråten stogga.

 

Dei sulla meg så underleg,
so stilt og mjukt te sova;
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.

 

Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvila;
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila.

 

Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som all ting heilar.

 

Per Sivle

 

#vuggesang #persivle #denfyrstesong #denfyrstesongomeitfemtevers #femteversavdenfyrstesong #foto #minebilder

6 kommentarer

Siste innlegg