tilfeldigheit..

 

 

“Du held deg like godt du”
Det kjem frÄ uventa hold,
brÄtt,
utan forvarsel
PÄ butikken der du valsar rundt, slik utan mÄl og meining,
og du gÄr deg pÄ ein forhenverande kollega
Ei setning som gleder og lyfter

Det skal ikkje meir til for Ă„ lyfte dagen fleire hakk
Ein positiv, godt meint kommentar,
frÄ nokon du ikkje har sett pÄ lenge
SĂ„ svevar du litt lettare
og smilar takknemleg for deg sjĂžlv
For ei hyggeleg tilfeldigheit

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

13 kommentarer

Siste innlegg