Ka e det du e ute etter
Ka e det du vil ha
At ein ser lei seg ut og ynskjer medkjensle
Eller om ein er lykkeleg og berusa, av kjærleik, eller alkohol
Ka e det det du e ute etter
Berre drama, skadefryd og sjalusi
At ein er perfekt med langt lekkert hår og sminke som aldri fell av?
Ka e det du vil sjå, høyre eller lese
At alt går i dass og livet berre er kjipt
Ka e det du e opptatt av
Det perfekte – glitter og stas – og ka e eventuelt det
Ein glitrar ikkje alltid – gjer ein?
Av og til gjer ein det, glitrar – føler ein sjølv
Brukar filter for moroskyld
og fordi ein vil skjule seg litt dei dagane det er minst gøy
Skjule seg?
Kvifor vise seg då – når det er minst gøy
Kvifor ikkje?
Det er slik det er
Ein kan ikkje være anna enn det ein er
Ikkje du heller
Sjølv om ein kanskje har ynskje om det av og til
Og lagar litt teater til tider
Ka e det du e ute ette?
Snakke ned?
Peikefingeren
Ja, ein kan lure og sette spørjeteikn
Bra nok
Følelsen av; “kva trur du at du er”
Ja, så skit i det
Vi er som vi er når vi ikkje vart som vi skulle være
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
Inspirert av innlegg fra bloggeren DockogDask – Det er ditt valg
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt




Helt ville vi bare se de fine og de gode…men livet består av begge deler:)
Det gjør det 🙂 Lag deg en fin dag på jobb som frivillig 🙂
Ja, du kan så si! Ingen er perfekt – vi er som vi er! Fine ord, Mette! Klem <3
Tusen takk 🙂 Vi er som vi er 🙂