velsigna

 

NÄr eg ser pÄ deg, ser eg det levde livet
NÄr eg ser pÄ deg

Skulle ynskje du var “berre godt vaksen” – slik som eg er no
Men du er meir enn godt vaksen
Du er ustþ og litt “gamal” vorte
Tenk om

Det er lov Ă„ tenke slik
Tenk om

Og kvifor

Eg vil ha deg her resten av livet
Og kvifor gÄr det ikkje?
Fordi det er slik det er, livet
Og vi fylgjer pÄ

Eg ser pÄ deg og ditt levde liv
Kor modig du har vore  – og fortsatt er
Men eg vil ikkje sjÄ deg svak
Vil sjÄ deg sterk og slik du var
Men du er som du er, og eg er takksam for det
Ser meg heldig som har deg, knytepunktet
Ei velsigna mor og saknet av ein velsigna far
Velsigna – fordi eg fþler takksemd
SĂ„ heldige vi har vore, og fortsatt er
Og eg hÄpar det gjenspeglar seg i oss

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
4. august 2023

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

6 kommentarer

Siste innlegg