Gryande……

 

 

GRYANDE DAG

 

Du legg planar i det du slår opp augene.

I dag, ja i dag skal du det.

Ein ny dag er gitt deg.

Ein gryande morgon, ein begynnande dag.

 

Du legg planar for dagen, utan at omverden er innblanda.

Men ut av kvart steg i denne gryande dagen, sig omverden inn,

litt etter litt.

Og den gryande morgon og dag, blir omforma, og planar legges til side.

 

Omverden tek plass og krevar di oppmerksomheit.

Så forandrast din morgon og dag.

Dine steg går ikkje dit du hadde tenkt.

Slik er det, tenkjer du.

Dagen og livet, litt tilfeldig kvar dine steg går.

 

mette j kvalsvik
juli 2015

 

 

 

 

 

#minedikt #gryandedag #tilfeldig #dagenoglivet

10 kommentarer

Siste innlegg