det er

 

 

kva er det eigentleg du har
når det liksom renn over
eller ikkje renn over
og du tvilar på deg sjølv
kva har vorte sagt
kva var det no igjen
var det dèt eller det eller det
kva er hovedproblemet
kva er størst og minst
kva ligg så midt i
kva skal leggast vekt på
kva skal skvisast litt ut i sida
eller ikkje
det blir skeivheit då
så kva
er det det eller det
var det det som vart sagt
hugsar ikkje
er det så viktig da
jau det er då det
må då vite kva som feilar
for noko er det vel
det er visst det
noko
greit når det er skrevet i stein
i allefall på papiret
då er det svart på kvitt då
og det er ikkje svart kvitt eller ein av delane
det er

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
april 2024

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg