barnslig

 

Du kjem på det, der og då
Minner strøymer på,
på grunn av eit bilete du ser
Barndomsheimen din
Naboane sine hus
Nausta
Så lenge sidan, men allikevel så nært

Du ser deg sjølv,
hugsar det så godt,
då du skulle gjere ærend for mor
Å gå til butikken var alltid stas, om det var handle varer eller hente posten
Ned vegen, forbi Daniel-nauste,
rundt svingen mellom to naust,  og opp grusvegen –
den bratte og lange bakken
Du har teke med den fine dukkevogna
Dukka ligg så fint og søv
Halvvegs i bakken, ved mons-garasja, set du att dukkevogna
Du snur rett og slett før siste kneika, og har ombestemt deg

Brått finn du ut at du har vorte for stor for dukkevogn
Eller, rettare sagt,
du blir litt flau,
og tenkjer ditte var barnslig, med dukkevogn og greier
Du vil ikkje at nokon skal sjå deg med dukkevogna langs vegen
Rett og slett for barnslig, kjem du til
Dukkevogna står igjen til du har vore og handla, tett inn med hekken der i vegen
Du tek den med heim,
og det var kanskje siste gongen du gjekk tur, og leika med akkurat den
Blå og flott, med baby-teppe til dukka

Sånn er det,
når ein brått verte for stor for slikt, det er rett og slett for barnslig
Då er den epoka over
Kva som kom etterpå er uklart
Barnepike/trillepike,  var vel neste steg
Passe andre sine ungar, etter skuletid og i helgar
Det var stas det
Då trille du barnevogn, men det vart noko heilt anna

Minna
Det er ei heil bok inn i deg
Heile livet
Og desse minna dukkar opp når minst tenkjeleg
I dag var det eit bilete som mana fram dukkevogna som ikkje var populær lengre
Rett og slett for barnslig
Og det fant du ut heilt på eiga hand
Men,
du var nok redd for kva dei andre kom til å seie,
så nokon måtte nok ha sagt noko,
som du kanskje kom på, på vegen
Nei, dukkevogn skulle du ikkje verte sett med
Katten Morre,
og sjølvsagt Gråkatten,
likte seg godt i vogna,
berre den stod stille
Og stille stod den

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
2024

 

 

8 kommentarer

Siste innlegg