ikkje noko overraskar…

 

Ein blir ikkje overraska lenger.
Det har vorte slik; dei fire årstidene er innom støtt og stadig.
Så grillar man ein dag, tek på støvlar ein annan dag, lagar snømann den neste dagen og sit inne slik ellers.
Ikkje noko overraskar lenger.
Jau, forresten; her om dagen då sola skein litt ekstra.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #overraska #fireårstidene #tankarblirtilord #dikt

like naken

 

 

Det gryr av dag.
Du ser lys i det fjerne.
Det er seinhaust og blada er ikkje lenger bladtunge.
Dei står der nakne og strekkjer seg mot himmelen.
Treets gull ligg på bakken og vernar jorda.
Ligg der som eit teppe og beskyttar.
Det gryr av dag, og du ser lys i det fjerne.
Ein ny dag, like naken som trea.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

 

 

#repostminedikt #minedikt #repost #etdiktomdagen #einnydag #likenakensomtrea #bladtunge #seinhaust

gammelt nytt i øverste etasje

 

 

Jeg har ryddet hos meg selv.
Ordnet opp i øverste etasje.
Flyttet på ting, kastet ting, ommøblert ja, og rett og slett luket ut masse rusk og rask.

 

Det er prosesser man må igjennom hele livet, tror jeg på.
Man kan ikke samle på slett alt.
Det er ikke alt det er nødvendig å ta vare på.

 

Noe blir man aldri kvitt, det sitter fast.
Spikret til veggen, meislet inn i trevirket eller rett og slett grodd fast.
Men det går an å pusse litt på de, skrubbe litt og gjøre det lettere.

 

Rydde litt, og se at noe trenger man fortsatt og annet er utgått på dato.
Noe er godt å ta vare på og annet gir dårlige vibber.
Det er uansett greit å få ryddet opp i øverste etasje av og til.

 

Ting man har tenkt har passet slik eller sånn, passer faktisk ikke hverken slik eller sånn.
Noen feilvalgte ting står plassert, og de er det greit å få ut, og få bort.
Lette litt på plassen i øverste etasje, og gi plass til nyere ting.

 

Og noe gammelt nytt har allerede FÅTT sin plass i øverste etasje.
Også er det bare å passe det inn, finne en plass, og legge til rette.
Pleie og stelle, ta vare på, dette nye i øverste etasje.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#minedikt #øversteetasje #vedlikehold #etdiktomdagen

nytt liv

 

Det er morgon, og sjølv om det er tidleg,
så er morgonen lys allereide.
Du høyrer måkeskrik,
tjelden og andre fuglar som syng.
Du smilar for deg sjølv og føler slik glede.
Ein ny vår er i emning.
Nytt liv!
Og eg og du får være med.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

 

#egogdu #minedikt #repost #etdiktomdagen #repostminedikt #einnyvår #nyttliv

mennesket – blandar seg i alt……

 

 

MENNESKET
har det med å blande seg i alt.
Ikkje ein ting utan at mennesket blandar seg.
Det bryr seg med alt, snakkar om alt og mistenkjer alt.
Det er ikkje negativt at mennesket bryr seg, det er meir positivt vel?
Det hadde vore begredelig og ganske samfunnskaldt, om ikkje mennesket brydde seg.
Men det er kanskje opp i måt?
Med alle sine krefter bryr mennesket seg om andre – og dømer eller set merkelapp på dei som ikkje er som dei sjølve.
Mennesket er mistenksom.
Kvifor, lurer mennesket på, gjer andre slik.
Kvifor gjer dei ikkje som i den forventa rama.
Nokon har brutt sirkelen og står utanfor den forventa rama.
Nokon gjer heilt andre ting enn det som er forventa.
Kvifor, tenkjer mennesket?
Den forventa rama rundt alt.
Den forventa rama rundt mennesket, familia, skulen, arbeide, treninga, det sosiale, økonomien, livsstilen.
Mennesket føler seg trua.
Usikker på kva dette er.
Eller er mennesket sjalu?

 

Avvik fra normalen, for det er dette som er rett.
Men kven har rett?
Dei som set foten utanfor rama, eller dei som meinheld på at slik er det og slik har det alltid vore.
Mennesket set spørsmål, kritiserar og hånar.
Kvifor gjer du som du gjer?
Om mennesket hadde åpna augene og sett, virkelig sett.
Om mennesket hadde latt være å være hovmodig.
Om mennesket hadde akseptert og ikkje kritisert.
OM KVART MENNESKE RESPEKTERTE SEG SJØLV OG ANDRE
Og kvifor må mennesket heile tida måtte forsvare seg?
Det er som om mennesket ikkje likar at rama får sprekker, forma forandrast og rama passar ikkje.
Ei ny rame………..
Kvifor kvifor kvifor………..
Hadde mennesket akseptert at slik er det og ikkje laga misnøye, då hadde mange sluppe å bry seg så forferdelig.
Kanskje mennesket er fulltids ansatt i “bry seg” -arbeide?
Ansatt i å mistenkeliggjere ALT som ikkje passar inn i “den perfekte” rama.
Stakkars mennesket ……….. sjå der ja……….. hah!

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#tankespinn #minedikt #etdiktomdagen #tankarblirtilord #dikt #mennesket

la tankane flyge…

 

Eg er så glad i denne roa.
Stillheita nede ved vatnet.
Berre site der og la tankane flyge.

 

Tankar om mykje og tankar om lite,
tankar om verda og
tankar om livet.
Denne stillheita får fram ei undring.
Denne stillheita, eg er takknemlig.

 

Føler meg heldig som kan velge sjøl.
Velge stillheit om eg ynskjer det.
Velge sjølv kvar vegen går.
Eg er takknemlig og eg er glad,
kan velge stillheit eller venners lag.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

 

 

#minedikt #stillheit #vennerslag #takknemlig #etdiktomdagen #repostminedikt #repost #vegen

vilja er der…

 

 

Forsiktig.
Eit steg av gangen.
Lett ustødig og bittelitt vinglete.
Vilja er der og du når ditt mål.

 

Så uvant å vandre slik i ulendt terreng, der du går.
Men for ei glede og for ei stoltheit.
Du klarte noko du ikkje trudde på.

 

Gevinst i meistring og glede,
og utsikt for bedre helse.
Forsiktig, eit steg av gangen.
Lett ustødig og bittelitt vinglete.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

#bittelittvinglete #ustø #meistring #glede #ulendtterreng #eitstegavgangen #repostminedikt #repost #minedikt #etdiktomdagen

overgangsplager? i dikt……..

 

 

Phu, det vart varmt.
Lette på kleda.
Phu, det gjorde godt.
Ein vag bris ruska litt i.
Phu, det var godt å trykke panna mot noko vått og kaldt.
Ein våte klut gjorde tingen,
då heitebølga kom i svingen.
Phu, så var det over,
heitebølga borte vekk.
Temperaturen mot normal,
pusten inn, phu, ovnen av.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

 

 

#overgangsplagerdikt #phu #minedikt #repost #repostminedikt #overgangsplager #ovnenav #heitebølga

kvardagen

 

Når kvardagen brått er tilbake,
og du ikkje merkar noka forskjel.
Like stilt,
og det regnar fortsatt.
Ein stol på verandaen er velta.
Den har ikkje vore velta
for heile vinteren.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

 

#minedikt #kvardagen #eitdiktomdagen #tankarblirtilord #detregnarfortsatt

det spørs kva..

 

 

Om eg får meir enn det eg hadde frå før,
så vil eg ikkje ha det.
Men det spørs kva det er då……

 

Mette Josteindatter Kvalsvik

 

 

 

 

#tankerblirtilord #minedikt #dikt #tankar #etdiktomdagen