gråveret

Når du våkner opp
til strålande sol
frå klar blå himmel.

Då er regnet 
og gråveret  gløymd
på eit blunk.

Men våkner du opp
frå klar blå himmel
og strålande sol,
til øsepøseregn og vind;

Då er du dritlei 
det dårlege veret.
 


mettekvalsvik
20.04.17

 

 

 

 

 

#dikt #minedikt #blogg #dårligver #gråveret #regnogsol #fotografering #tanker #poesi


 

tolke

 

 

 

AUGENE

Eit blikk og enda eit.
Eit langt, studerande blikk.
Augene, med eit blikk du ikkje klarar tolke.
Men du gjorde meg nysgjerrig.
Du gjorde dagen.
Blikket ditt.

 

 

 

mettekvalsvik
18.04.17

 

 

 

 

 

#minedikt #blogg #augene #blikk #dugjordedagen

hørt


Å bli sett og hørt
heller,
enn oversett og
forbigått.

Å ikke bli hørt
og ikke bli tatt med.

Vi er jo NOE alle.

SE og HØR ditt medmenneske.
Ikke snu ryggen til.

 

 

 

 

mettekvalsvik
08.04.17

 

 

 

 

 

#minedikt #seoghør #medmenneske #dikt #tankerogord #poesi #blogg


 

nødvendig

 

 

STILLHEIT

Stilt.
Du høyrer berre suset frå vind
og dryppet frå regn.
Stillheit.
Ei nødvendig ro
for å samle krefter.
Den gode stillheita du får aleine.
Stilt.

 

mettekvalsvik
24.03.17

 

 

 

#stillheit #ro #aleine #minedikt #tankarogord #dikt #stilt #onsdag

besteforeldre


 

GAMLEKARANE

Spør gamlekarane i bygda du.
Dei veit.
Og det var då det slo meg.
Gamlekarane?
Men dei er ikkje her lenger……

Gamlekarane var mine besteforeldre og 
dei som var gamle då eg var lita.
Dei spytta skrå og gjekk tur.
Dei møttest til visse klokkeslett og 
slo av ein prat.

Gamlekarane.
Dei er vekk no.
Kven har tatt deira plass?
Kven èr gamlekarane i dag?

 

 

mettekvalsvik
21.03.17

 

 

 

 

#minedikt #gamlekarane #plass #kvenergamlekarane #dikt #blogg #bilde

kaffe


Av og til
er stillheita god nok.
Du, stillheita og ein god kopp kaffe.

mettekvalsvik
20.03.17

 

 

 

 

#kaffe #kopp #stillheit #du #stillheita #godkoppkaffe #minedikt #ordogtanker #etdiktomdagen #morgenstund

draumen


Du oppnår ikkje kontakt.
Mobilen fungerar ikkje.
Du prøvar få opp navnet,
men den slår seg berre av.

Du prøvar og prøvar og prøvar.
Men når ikkje fram.
Fortvilelsen byggjer seg opp
og
hjelpelausheita sig innover.
Den same draumen gong etter gong.
Du oppnår ikkje kontakt.

 

mettekvalsvik
20.03.17

 

 

 

 

 

#minedikt #draumen #oppnårikkjekontakt #mobilen #fungerar #ikkje

 


 

ute

Vinden og regnet
bankar på.
Men,
det er godt
å sleppe opna opp.
Dei får halde seg ute
og herja frå seg.
Når døra vert åpna,
er det sola som kjem inn.

 

 

mettekvalsvik
14.03.17

 

 

 

 

 

 

#minedikt #dikt #regnogvind #ord #blogg #sola #dør 

07.08.2017

Bruk energien din til noko anna
enn irritasjon på alt og alle,
som gjer feil.
Sjå i ditt nærmiljø,
din vennekrets
og di familie,
etter det gode og positive.
Ignorer bagatellar.
Dagen og livet
her og no,
er for viktig!

mettekvalsvik
14.03.17

 

 

 

 

#minedikt #ignorer #livetherogno #blogg #mandag #ord #dikt 

04.08.2017

Det smuldrar vekk.
Alt byggverk smuldrar vekk.
Ein dag berre glepp det
mellom hendene,
og smuldrar vekk.

mettekvalsvik
12.03.17

 

 

 

 

 

#minedikt #dikt #blogg #fredag #smuldrarvekk #ord #bilder #tankarblirtilord