VINDAUGET
Du ser ut. Ut i dagen. Ut i verden.
Tankane flyger slik måken seglar over himmelen. I eit kort augneblikk er du borte vekk.
Ein annan plass. Eit kort augneblikk. Så er du tilbake.
Du ser ut. Ut i dagen. Ut i verda. Gjennom vindauget.
mettekvalsvik 22.02.17
#dikt #minedikt #vindauget #augneblikk #ord #blogg #torsdag
STØRST AV ALT
Den kan ikkje skjulast, kjærleiken. Augene røpar deg. Stemma di røpar deg. Kroppsspråket røpar deg.
Den må ikkje skjulast, kjærleiken. Den som er størst av alt.
mettekvalsvik 14.02.17
#minedikt #dikt #ord #kjærleiken #mandag
Du sit ved vindauget og let tankane fare. Mange draumar har nok vore innom, akkurat i det vindauget. Der blikket kan flytte seg til uante høgder.
mettekvalsvik 04.02.17
#minedikt #dikt #uantehøgder #fredag #blogg #etdiktomdagen
OPP OG NED
Du veit at dei kjem, nedturane. Det er slik. Opp og ned og ned og opp.
Men du er like overraska kvar ein gong du sig ned. For det er så innmari tungt. Det å falle ned i oppgittheita og motløysa, er vondt.
Der tankane balar det til og liksom ikkje vil sleppe til noka glede. Det er då små gløtt dreg deg opp. Bittesmå gløtt av lyset og gleda.
Alt det gode som skjer der oppe. Det er dit du sikter deg mot, og klarer det igjen. Og du tenkjer at slik ein nedtur ønsker du ikkje igjen.
Du er oppe og ønsker ikkje falle ned ein gong til. Opptur og nedtur. Går dei hand i hand?
Nei, du tenkjer med deg sjølv at du ikkje vil gå hand i hand med ein nedtur. Lyft augene, og tankane vært lysare.
mettekvalsvik 02.02.17
#minedikt #tankar #oppognedturar #revmatiskesykdommer #mestring #blogg #lyftaugene
Eg tek av meg hatten, for dei som var før.
For generasjonane før alt elektriske kom.
Eg tek av meg hatten, og tenkjer i mitt indre, om eg hadde klart det, om eg hadde makta.
mettekvalsvik
21.01.17
#tankar #minedikt #dikt #poesi #makta #blogg #fredag
Om du meinar deg urettig behandla, då er det rettast å gi tilbake med same mynt?
Det gir deg rakare rygg og bedre samvit?
Eg berre lurer.
mettekvalsvik 14.01.17
#poesi #dikt #blogg #minedikt #samvit #ord #etdiktomdagen
KVILE
Ikkje slit deg ut denne eine dagen.
Set deg ned og lat handa kvile litt.
mettekvalsvik 14.01.17
#minedikt #poesi #kvile #blogg #dikt #bilder #ord
KJÆRTEIKNET
Du stend på utsida og ser inn. Inn i ei verd der kjærleik er blind. Blind for eit kyss, blind for ein klem og blind for eit kjærteikn. Strekk ut di hand.
mettekvalsvik 11.01.17
#minedikt #poesi #dikt #blogg #kjærteikn
MAMMA Når du oppdagar at mamma ikkje “berre er mamma”. Henne du trur er husmor, og berre er der for deg og innholdet i huset.
Den dagen du ser at denne mammaen som må ut og tjene til livets opphold, er godt likt av andre.
Hun som “berre” er DIN mamma, og ordner i hus og heim og også er på arbeide.
Denne mammaen har eit liv du ikkje har oppdaga før. Eit liv utanom heimen.
“Berre mamma” kan også le og kose seg i andres selskap. Hun er ikkje “berre mamma” lenger. Hun er alt.
mettekvalsvik (02.01.17)
#dikt #minedikt #poesi #tankar #ord #blogg #mamma