trygg

 

 

Du har vorte sterk i  ditt indre
Du er stolt av deg sjølv
Krummar ikkje ryggen så fælt lengre
Du føler ikkje utryggheita som ei kappe rundt skuldrane
Føler deg trygg,
trygg i deg sjølv

 

slike ord
du er trygg
du er stolt
du er glad
du er sjølvstendig
du føler deg elska
og du elskar tilbake
kva kan være betre enn å kjenne på slik ei ro

 

Du vart vist vegen sjølv om du ikkje ville sjå den
Du vart vist tålmod, sjølv om du ikkje ville ha den
Så tok du i mot, og kjente ei indre ro,  turte sjå på livet, og du turte å gi slipp

 

Kva kan være betre enn å seie: eg elskar deg
Kva kan være betre enn å seie: eg er glad i deg
Kva kan være betre enn å føle gleda sitre
Å vite at det er trygt og godt, saman her med deg

 

Å kjenne dette,
stå oppreist også i motvind
Kjenne føtene planta godt på bakken
Stødig, men allikevel litt vaklande
Ikkje misforstå, det er berre balansen
For aller fyrste gong kjennast gleda trygg å kvile i
Å stole på, er alfa og omega

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 


#minedikt #tankerblirtilord #etdiktomdagen

5 kommentarer

Siste innlegg