Sjå lyset skin over mørke fjellet når
sola stig opp frå nattesøvn
Eit vakkert skimmer, det gylne rosa,
kan ikkje beskrivast, så vakkert skue
Men du ser det, når dagen gryar
og sola vaknar til skyfri himmel
Og kjem det skyar,
då fargast lyset,
med endå fleire vakre nyansar
Sjå lyset skin over mørke fjellet,
det dansar nedover bakkane
Frå tue til tue, lyset leikar,
skyggar kjem og skyggar fèr
Eit vakkert skue, heilt inn i nuet,
og eg tek det med meg med eit smil
om munnen
Nesten litt lattermild, så lett var lykka
Eit glimt av lyset,
det gylne rosa
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
15. feruar 2024
#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen
4 kommentarer
Nydelig 😊
Takk 🙂
Nydelige bilder og vakre ord <3
Tusen takk 🙂