du ville ikkje

 

 

://:
Du ville ikkje tru det, om eg fortalte deg
Du ville ikkje forstå det, om eg sa det
Du ville ikkje noko anna enn lytte, riste på haude og tenkje ditt
Du ville tru eg var gal og fortalte deg eit eventyr
Du ville ikkje tru det, det var som ein smale film
://:

 

Det ligg ei sorg som glimtvis kjem
Ei sorg, uforklarlig men også kjent
Eit anna liv, ei anna tid
Det var fullt av latter, blanda med tildekt frykt

Om du trur det, spelar vel inga rolle
Det sit i nervar i heile kroppen
Noko som var og noko som skjedde
Ufatteleg kva du gjekk med på,
og kanskje vil du at du faktisk skal tru det

At det ikkje skulle være slik, visste du vel
Men kva var rett og kva var gale
Kva var etisk og kva var moralskt
Du visste betre men lot det stå til
Trakk deg unna når det var som værst

Som i ein film, alt som skjedde
Det skulle vore filma ja, gudane veit
Du segla i full fart på ope hav, stille og vakkert og stormfullt og vondt
Men det var din kamp å roe ned, sjå til at alle hadde det bra
Bak kulissane, ingen såg
Maskeradeball, glitter og stas

Du høyrde på, for lenge sidan
Å åpne opp var som eit sirkus-show
Ei historie som i ein film
Du sa det ærligt, med store auge,
og du tenkte,
vàr det berre ein fantasi det heile

Kanskje var det fantasi og film
Ei skarp novelle frå Oslo by
Der natta skjulte det som skjedde,
og ikkje alt hadde tålt dagens lys
Du veit, for du hadde hovedrolla

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

7 kommentarer

Siste innlegg