flyt utover med vinden

 

 

Etter kvart fall,
må du reise deg opp og ta kampen
Det er slik
Tanken flyger gjennom hodet på veg opp bakken
Det kjennast tungt
Tyngre enn det har vore på lenge
Men, du veit kvifor
Tanken om framtida kjem snikande
Det blir ikkje enklare å komme opp bakken, ved seinare fall
Fall du ikkje vil ha, men som du veit nok kjem
Du berre veit det
Og korleis skal det gå da
Du kan ikkje tenkje på det, det er for langt opp og fram
Så er bakken eit tilbakelagt kapittel, og det jamner seg ut
Det er lettare å gå
Du ser framover mot dei høge tindar, og gledar deg til du ein dag kan stå der igjen
Tonkane, som går bakkane med deg, tek deg opp og ned og ut på den strake stien
Dei kjem både med opp –  og nedturar,
og det er berre å tenkje dei ut
Sortere og legge dei fra deg
Som å bære ein stein i handa, legge den fra deg på toppen, snu ryggen til og gløyme den
Dei tunge tankane ligg igjen, og flyt utover med vinden

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
29. august 2025

 

#tankerblirtilord  #etdiktomdagen #minedikt

8 kommentarer

Siste innlegg