Korleis.

 

 

 

KORLEIS

 

Korleis veit du at din sorg er større enn min?

Korleis veit du at din smerte er sterkare enn min?

Korleis kan du seie kva som er rett og galt i andre sin sorg, smerte eller glede?

Korleis er det muleg?

 

Å være den som veit korleis ein skal oppføre seg, målt i tid,

størrelse og smerte?

Korleis er det muleg å gjere det mulege umuleg?

Korleis klarar du då sjølv å leve ditt tildelte liv, om du er så opptatt

av å hindre andre?

Korleis?

 

 

mette  josteinsdatter kvalsvik
 juni 2013

 

 

 

 

 

 

#korleis #dikt #sorg #minedikt #blogg #smerte #glede 

 

 

 

Vaksen.

 

 

VAKSEN

 

Du er ferdig med jaget.
Brått står det klart for deg; du står støtt.
Tankane raser, alt jaget.

Frå du er liten, jager du framover.
Skule, alder, trening, venner, opplevelser, bursdager, fester, penger og jobb.
Jaget etter å rekke alt.

Så står du der plutselig, og har rukket alt.
Det er rolig, stille og fredeligt.
Du har rukket det du skulle, hittil.

Framover er rolig.
Inget jag.
Dagane kommer og går.

Ny fase, ny tid, annerledes.
Nytes på ein annen måte.
Jaget er byttet ut med rolige dager og trygge omgivelser.

Du er vaksen, og klart deg gjennom barnet og ungdommens jag.
Du sanser på nytt.
Du er heldig, tenker du.

 

mette j kvalsvik
juni 2013

 

 

 


 

 

 

#dikt #minedikt #vaksen #nyfase #nytid #ordogtankar #blogg

5-toppsturen :)

5-TOPPSTUREN (STORERUNDA):

SYREBAKKANE

SOLLIDA

HESTEFJELLET

SELSTEINEN

STOREHANEN

 

 

 

Hei!

Dette vart turen i dag. Og denne turen kan en gå i motsatt rekkefølge også.

Veldig flott tur og vi brukte sånn ca 4 timer.

Vi valgte å kjøre til Moltu, ta av ved butikken og kjøre opp på fjellet der. En kan også gå opp fra Leikongsætra.

En kjører til venstre da en får valget mellom høgre og venstre på grusveien, oppe på fjellet, og et stykke lenger oppe, er det parkering på høgre side.

 


Så rusler vi oss et godt stykke oppover på grusvei, til vi kommer til dette skiltet som forteller oss at da går vi mot Syrebakkane.

 

 


Vi er på vei 🙂 Dagen er flott!


Så er vi ved første topp som er Syrebakkane. Utsikta begynner bli flott. 452 moh.
 


Det begynner å gå mere oppover og utsikta enda bedre. Vi ser utover mot Herøy.
Lengst bak er Skopra til ventre og Nerlandsøyfjellet med Skagetåa og Rjåhornet i siktet.


Vakkert.


Så har vi steget opp til 660 moh og er kommet til SOLLIDA 🙂
 

Men vi rusler videre.Det er godt merket og skiltet på stien.

 


Topp nr 3 er Hestefjellet. 621 moh. Her stopper vi litt og spiser litt mat og får i oss ekstra drikke.


Så ruslet vi videre til Selsteinen som er 598 moh.

Herfra er det videre mot siste topp som er Storehanen.


Flott utsikt fra Selsteinen.

 


Så er vi kommet til Storehanen som er 471 moh. En ser fuglefjellet Runde lengst bak i bildet – Herøy kommune.


Vi valgte å gå ned på grusveien fra annen sti, enn å gå rett ned fra Storehanen. Litt tilbake og ned 🙂 Dette da vi 
begynte å få tidsnød pga arbeid på en av oss. Så da gjekk vi ikke ned brattsida fra Storehanen denne gangen, da det hadde blitt omvei tilbake til bilen.
 

Gode fjellsko har vi brukt i dag 🙂  MAMMUT og SALOMON.
Viktig med gode fjellsko/Hikingsko på lange turer.

 

God tur!

 

 

 

 

 

#storerunda #5toppstur #Sollia #selsteinen #storehanen #syrebakkane #hestefjellet #moltufjellet #blogg #fjellsko #mammut #salomon #påturmedtantejente #fjelltur #turglede #mestring 

Dagen.

 

 

 

DAGEN

 

Så kom dagen det vart tungt å våkne til.
Smertene som var gløymt, var tilbake.
Ikkje det at det var så overraskande, for det har hangla og gått lenge.
Men det er det det gjør, hanglar og går, heile tida.

 

Og det er det eg og andre må takle.
Kvardagshanglinga.
Eit nytt ord?
Kvardagshangling.
Kanskje det.

 

Det er på sllike dagar eg oppdagar på nytt, kvar gong, 
at eg har Fibromyalgi, og nåkre tilleggstitlar.
Det er ikkje så mykje anna som hjelper, enn smertelindring og “ro”.
Eg som ikkje har tid til “ro”.

 

Men eg har lært eit og anna etter år med smerter.
At “ro” må ein gi seg, uansett.
Ro, stillheit, inget stress, og meistring.
Smertemeistring.
Har det vorte slik at eg meistrar det meste?

 

Det er enno slik at folk ikkje trur du er sjuk, fordi du meistrar.
Hadde eg ikkje meistra, hadde eg ikkje kunne gått med hodet hevet, 
gått på arbeid, eller vist meg ute blant andre.
Slik er det berre.

 

Av og til er det eit steg fram og to tilbake.
Men som regel går det berre framover.
Så da får eg gripe dagen, meistre smertene, nyte livet
og gå eit steg fram.
Carpe diem!

 

mette j kvalsvik
juni 2013

Det er over 2 år siden dette ble skrevet, og tidene forandrer seg og situasjoner blir bedre.
Man lærer om seg selv hele veien, og takler/mestrer langs med.


 

 

Hei! 

Ønsker dere alle en flott sommerdag 🙂

 

 

 

#minedikt #dagen #smerte #etstegframogtotilbake #revmatisme #fibromyalgi #smertelindring #blogg #dikt

Årstider.

 

 

ÅRSTIDER

 

På ein dag har alle 4 årstidene våre innom.

Merkeleg.

Vinden og sola kjempar mot kvarandre, ser det ut som.

Vinden riv og slit i kleda, men den er kald, så vi pakkar tettare rundt oss.

Så kjem sola og strålar på oss, og vi lettar litt på innpakninga.

Nesten som i eventyret der sola og vinden konkurrerar om kven som er sterkast.

 

Det er over midten på april, og ein ventar på våren.

Den prøvar seg, våren, men slepp ikkje heilt til.

Det blir grønt her og der og knoppar og spirar dukkar opp over alt.

Men kulden vil ha fyrste plass, så litt hagl og snøv slepp fram.

Ja, det er voldsomme snøv og haglebyger i vindkasta.

Men sola vil være med, så ho kjem fram og tørkar det opp.

 

Hausten ligg i dvale, og har god tid på seg, før den skal trå til igjen.

Det er vinteren som ikkje finn sin plass, og ikkje vil legge seg i dvale for ei stund.

Våren vil så gjerne.

Våren vil pløge veg for sommaren.

Forberede oss alle på ei varmare årstid.

Våren kjempar mot kong vinter, og ein veit kven som vinn til slutt.

Det er så klart våren.

 

 

mette  josteinsdatter kvalsvik
april 2013

 

#minedikt #årstider #pløgeveg #blogg

Dagen.


 

 

 

DAGEN

 

TA DAGEN SOM DEN KJEM.

OM DET ER REGN ELLER BLÅ HIMMEL, VIND ELLER VINDSTILLE.

DU TEK DINE VALG PÅ VEGEN, OG DEN BLIR TIL, DAGEN, LITT ETTER LITT.

SMIL TIL VERDEN OG VERDEN SMILER TILBAKE.

GRIP DEN, DAGEN.

 

mette  josteinsdatter kvalsvik
 april 2013

 

 

 


 

 

 

 

Hei!

Ønsker alle en god lørdag 🙂

 

 

 

 

#dagen #minedikt #tadagensomdenkjem #blogg #tankar #dikt

Å omfavne naturen.

 

 


 

 

 

Å OMFAVNE NATUREN

 

Glede for evna til å utforske og sjå alt det nydelige naturen prøvar å vise.

Ta inn det gode og vakre.

Omfavne.

Sansane vi har til å sjå, lytte og smake naturen.

Omfavne det spektakulære og storslagne.

Vår vakre natur, god i det eine øyeblikket og nådelaus i det neste.

 

 

mette j kvalsvik
 april 2013

 

 

 

 

Ønsker dere alle en god dag og en flott helg!

 

 

 

 

 

#omfavnenaturen #omfavne #minedikt #hobbyfotografering #tankar #natur

Nyt.

 

 

NYT

 

 

Eg er forelska i livet og alt som involverar det.

Nyt.

Ein velger til ei viss grad sjølve kva ein vil ha i livet.

Noko får ein og anna får ein ikkje.

Eg føler mine brikkar faller på plass litt kvar dag.

Så er det det å gripe dagen.

Nyt.

 

 

 

mette  josteinsdatter kvalsvik
 april 2013

 

 

 

 

 

 

 

 

 

#forelskailivet #nyt #minedikt #bilder #dikt
 

Diagnoser.

 

 

DIAGNOSER

 

Det er så greit å ha knaggar å henge ting på.
Slik er det å få diagnoser.
Eg har et par tre diagnoser, og ein av de er FIBROMYALGI.
Den knaggen er ganske full og tung, men den er der.

Etter fleire år med frustrasjon, redsel og tonnevis med smerter, kom diagnosa.
Da hadde alle røntgenbilder og prøver sagt at eg feilte ingenting.
Eg kjenner til det å være så langt nede fysisk og psykisk,
at orket ligg langt inne for å komme seg opp og fram.

På ein måte vart Muritunet redninga og vegvisaren min.
Eg måtte gå inn i meg sjølv og finne ut av ting og ta bestemmelser for framitda.
På Muritunet var eg på gruppe med tilsaman 11 flotte personar i alle aldre.
Menn og damer.

Der kom mine to fyrste dikt på papiret.
Takka være stor inspirasjon frå alle flotte personligheiter i gruppa mi,
i frå andre grupper, og frå dei flotte inspirerande ledarane.

Å leve med daglig smerte er ikkje enkelt.
Men ein venner seg til den, sakte men sikkert.
Så kjem dei, dagane du faller langt ned, og den daglige smerta har 
vorte tidobla eller meir.

Det er nesten uuthaldeleg, men det går over, sakte men sikkert.
Usynlegheita med sjukdommen gjer at folk trur du lyg om sjukdommen.
Nesten ingen eg veit, som har FIBROMYALGI, har ein dag lik.
Og ingen har same smerta.

Mange er uføretrygda på grunn av FIBROMYALGI.
Eg er ikkje der, men klarer allikevel ikkje prestere 100 prosent.
Eg har godtatt og hatt oppgjer med meg sjølv.
Eg klarar det eg klarar, og grensa veit eg kvar ligg.
Da har eg komt langt.

Ein har komt langt når ein har aksepert at slik er det.
Og derfra gjere det beste ut av kvar ein situasjon.
Feiler det deg noko då?
Du som ser så sprek ut, og går i fjellet heile tida?

Hadde folk berre visst kva arbeid som ligg bak.
Kva alle fjellturane kosta av smerte og vilje.
For meg er det ein gevinst i kvar tur eg går.
Og det er ikkje kvar dag kroppen vil.

“Ein kvar har ansvar for eiga helse”.
Eg tek ansvar for mi helse.
Livet er herleg, og eg står midt i det.
Eg prøvar å gripe dagen med heile meg.

Utfordringar er det langs med, men å gi støtte og oppmuntrande
tilbakemeldingar, er viktigt.
Eg har mine støttespelara, og all ære til dei.
Hadde ikkje klart meg hverken utan mine barn, foreldre, venner, og ellers
alle andre der ute.
CARPE DIEM!

 

mettekvalsvik
 april 2013

 

 

 

 

 

 

 

 #diagnoser #eigahelse #ansvar #knaggar #fibromyalgi #dagligsmerte #taansvar #sjukdom #ordogtankar #blogg #revmatisme
 

Lysglimt.


 

 

LYSGLIMT

 

Kva hjelper det om eg seier opp, og du seier ned?

Kva hjelper det om eg seier ja, og du seier nei?

Kva hjelper det, når alt blir til det negative?

Kva hjelper det da, å være positiv?

Hjelper det?

 

Ja, eg får ha trua på det positive.

Uansett håplausheita.

Det er bedre at EN er positiv, enn at alle skal sjå mørkt på det.

Kva hjelper det?

Lysglimt.

 

 

mette josteinsdatter kvalsvik
mars 2013

 

 

 

 

 

#minedikt #lysglimt #blogg