tankespinn inn i dagen – ung gamal

God morgen Norge!

 

Korleis er det å være ung gamal – gamal ung
Ung vaksen – vaksen ung
Ung, i hodet, med ein litt sliten kropp
Ung – med eit vaksent sinn
Vaksen med eit ungt sinn

 

 

Følelsen av å være ung er der, men du blir sett på som vaksen og ansvarlig
Vaksen og ansvarlig – “litt gamal”
Då gjer du ikkje noko dumt
Du drikk ikkje deg overstadig berusa
Du ravar ikkje rundt og ropar yohooooo
For du er vaksen og kanskje endåtil litt gamal
Men veit du kva; ung til sinns heile livet!

Du ser ikkje anna enn skalet
Det grå og kvite
Innsida må skine igjennom for at du skal sjå
Men du forstår ikkje uansett
Ikkje før du er der sjølv
Ung i ein sliten kropp
Ung i ein vaksen kropp
Ung vaksen og ansvarleg heilt til det motsatte er bevist
Gamal i ein gamal kropp
Då er alt tungt og trått

Du gjer det til det du vil, men du bryr deg uansett om kva andre seier og gjer
Ikkje tru at du kan gjere det du vil, sjølv om du er vaksen
Du har ansvar, over for den yngre garde
Vise deg ansvarleg og kompetent
For kva
Vaksenlivet
For du har vore ung ein gong

Og tru ikkje at ein vaksen ikkje kan danse på bordet…
Det blir berre kleint – for du er mora til nokon eller faren til nokon – og nokon såg deg – og ryktet rullar som rulletobakk påtent og røkt
Svisj seier det i det tørre graset og ryktet er påtent og svidd til grunne
Blikk – snakking bak din rygg – nokon ristar på hodet og tenkjer; stakkars dei – ikkje anna å vente…..
Vaksenlivet
Ung i ein gamal kropp eller gamal i ein ung kropp
Jantelova jagar stadig rundt og set brennemerke

 

 

DAGENS BLOGGER
i skrivende stund:

Plass nr. 19 =  Zoeticworld

Plass nr. 40 =  Bforb

Plass nr. 69 =  Frifrajobbenrestenavlivet

 

Regnet renner i stride straumar – det nermer seg jonsokafta –
og då snur det vel?
Då kjem sommaren – når sola har snudd?
Den som ventar får sjå 🙂

Foreløpig er det ca 10 grader ute – men det siger nok på igjen – sol mellom skylaga og temperaturen er meldt litt høgare
Jepp – her skjer det!
Sola gløttar fram og då smilar livet mykje meir med ein gong

 

Tilbakeblikk til samme dato åra før:

19. juni 2015 – Guddomeleg – mine dikt

19. juni 2016 – Hasundhornet i skodde – godt lag med tantejente Veronika

19. juni 2017 – på tur til Aurskog og Oslo

19. juni 2018 forvirret på et høyere nivå – sitat/ordtak

19. juni 2019 – Gå ned i vekt – et bedre liv

19. juni 2020 – Eit vingeslag – mine dikt

19. juni 2021 – weekend på hjul – og Aune Sand

19. juni 2022 – tur til Mosvarden i godt lag med hunden Leia og C
Amokk . mine dikt

19.. juni 2023 – tikk takk – mine dikt

19. juni 2024 – sommerfugl – mental trening
Mange veier – mine dikt

Tankespinn inn i dagen – ni grader

 


Lag deg ein fine torsdag
der du er

Og du,
stå deg så vel som du berre kan

 

6 kommentarer

    1. vi er akkurat så unge eller gamle som vi selv føler oss og sånn må det være tenker eg,selv føler eg meg ganske ung da :=)ble friskmeldt i går ,det rant fint i alle årene mine ,da ble jeg straks mye yngre :=)så da skal vi forberede oss til tur på lørdag :=) ha en fin dag

    2. Tror vi skal ønske oss ei verden der vi kan være akkurat oss sjøl uten tenke tankar på andre tankar. Bare være akkurat den vi er. Danse på bordet, om vi føler for det <3

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

    Dette skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA.
    Googles Personvernregler og vilkår for bruk er gjeldende.

Siste innlegg