ingen veit

 

SONY DSC
 

 

DET INDRE

Ja det er nok litt slik.

At ingen veit.

Ja……korleis ein har det inne i seg.

Når ein tar på klær for dagen og legger litt makeup – ja da ser ein ikkje så aller værst ut.

Man går med rake ryggen og hodet hevet.

Ja, det er nok litt slik.

At det er ingen som veit.

Det står ikkje noko skrevet i panna om det.

Det står ikkje noko varsel, nei ingenting synes.

Ein ser no så sprek ut, ja ein har det nok bra.

Ja, det er nok litt slik.

Ingen ser det ein slit med.

Av og til ynskje ein akkurat det.

At nokon ser, ja at ein ikkje er frisk.

At eins smerter, uutholdelige, er der kvar dag.

Ja, det er nok litt slik, at ein gjerne vil prøve.

Klare seg uansett smerte som er.

Ikkje la samvetet kvele eins glede, men stå på og yt det ein kan, reine glede.

Smerta den er der, tru ein, eller ei.

Det er ikkje alt som visast utanpå, døm ikkje feil.

Ja, det er nok litt slik, at nokon veit bedre.

Kvifor er ein så aktiv ein som seier ein er så sjuk?

Ikkje vær så dømande og bedrevitande.

Har du ikkje noko anna å fokusere på?

Vil du ha disse smerter kanskje, som du ikkje ser, utanpå?

Prøv gjerne, og ein tenkjer du får noko anna å fokusere på.

Ikkje stå der og tru du har svaret.

Ikkje kom her og fortel at ein ikkje feiler noko så sprek som ein er.

Prøv heller å være der for, vær imøtekomande og aksepterande.

Ein treng inkludering og ikkje ekskludering.

Ja, det er nok litt slik.

Ingen veit.

Berre ein sjølv kjenner smertenes grenser.

Ein må berre stå på.

Forstår du det du?

At aldri kan ein gi opp, for då har ein tapt.

 

mettekvalsvik

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #fredag #sensommer #august #ingenveit #deternoklittslik #foto #aldrigiopp #smerter #diagnoser #fibromyalgi #benskjørhet #slitasjegikt #detindre

16 kommentarer

Siste innlegg