vårsol

 

VÅR

Herlige dagar i vårsol og fargar.
Ja, det er berre lekkert, det å våkne til flotte soloppgangar og fuglar som kvitrar.
Det er vår!

Men noko ligg og nygg.
Det er kaldt i lufta og skodda smyg inn og ut rundt fjellet.
Du kjenner det i hofta, ja, i korsryggen og i skuldra.
Noko nygg og er ikkje godt.

Ein ny strålande dag, men det ligg frost i marka.
Nokon skrrapar is av bilane.
Den kalde nordavinden går gjennom marg og bein.

Ja, den kalde nordavinden trakk all varme ut av huset.
Brrrr så kaldt, og kroppen er så rar.
Den er totalt i vranglås.

Småblomster titter fram og fargar dagen.
Trær får grønne blader, og strekker seg mot sky.
Kroppen den blir værre, ja det er vondt både her og der.

Denne våren som startet så godt, ja slik er det nok kvart eit år.
Ubestemmeleg, snø eller regn.
Sola varmar og vinden herjar.

Kulde eine dagen og varme neste.
Åh, så herleg, ja snart er det sommar.
Nei vent no litt, eg har slike vondter.

Slike vondter i vèr og vind.
Ja, kulde ein dag og sommar ein dag.
Kroppens varsel for kalde dagar, ei smerte her og ei smerte der.

Stiv og støl når det morgon er, du titter ut og det snø ligg der.
Ja det forstå`s med korsrygg-streik.
At det snø måtte komme denne vei.

Skifte i vèr og skifte i dekk.
Tenk om smerten kunne skiftes vekk.
Nei, med vårens luner går vi med truger, og stive, støle, mot våren jubler.

 

mettekvalsvik

 

 

 

#minedikt #januar #onsdag #vårsol #våren #smerterherogder #fibromyalgi #slitasjegikt #vèrogvind #blogg #bilde #fotografering

 

14 kommentarer

Siste innlegg