morgentur

GOLLENESET FYR

Av og til lurer eg på kor eg skal ta turen i dag………
Når ein tråkkar ute kvar dag, blir det opp igjen og opp igjen dei same stiane.
Men med litt variasjon blir det litt nytt også.
Og eg går jo andre plassar enn berre i Kvalsvika.
Men morgenturane blir ofte her ute.

I dag gjekk eg mot “Gjerdet” og ville gå “dalen” mot Golleneset fyr.

Det er mykje sau ute i marka over alt her, og eg har tatt nåkre telefonar og meldt både død sau og “på ville veier sau”  og sau som sit fast.
I dag tok eg telefonen igjen og ringte men la fort på da eg såg at sauen kom seg laus.
Men eigar hadde sett på tlf at eg hadde ringt og ringte opp igjen.
“Det er berre meg og sauen i marka” svarte eg……
hehhehehe eg føler eg masar av og til – men eg har fått beskjed om at eg ikkje masar,  bra at eg seier ifrå!

Turen i dag gjekk for det meste i opplett vèr, med bittelitt kaldt regn av og til.
Det er kjølig ute.
Det er haust med vinter like om hjørnet 🙂

Det er berre å kle seg etter forholda!


Litt regn her og der – men aldri noko som hindra oss i tur.


Alltid så flott å gå “opp i gjerdet” og “nord i dalen”  – minner fra barneåra……


Og i stillheita letta det ei ørn som sikkert hadde fulgt med oss 🙂


Lykken er å være ute i naturen <3


Golleneset fyr.
Havet slår mot land.
Etter mye vind er sjøen tung fra havet.


#sjøsprøyt


#shetlandsheepdog


#tangogtare

Vi nærmar oss gangstien mot huset – og katten Sniff har hørt oss for lenge sida.
Han kjem springande nedover for å møte oss.


#somhundogkatt


#venner


#MrSniff  –   den flotte #skogskatten vår  🙂

 

 

Ein ny dag, tur og det heile. Dagen går fort, det er kveld snart og andre oppgåver som ventar.

Ha det fint der du er!

 

 

 

#morgentur #hundenLeia #skogskatt #utetid #utpåturaldrisur #naturfotografering #fotografering #foto #blogg #selfie #hundogmenneske #friluftsliv

 

16 kommentarer

Siste innlegg