mørketida


1 desember og tradisjonane seglar innover tankemønsteret.
Tankemønsteret lagar ingen krøll eller feil,
berre tikkar inn mellom alt anna.

Mørketida er fantastisk synes eg.
Fyre i peisen, tenne lys og kjenne på lunheita som mørket gir.
Lyset får ein anna glød når det er mørkt ute.

Om det er regn gjer det ikkje noko, sjølv om desember er ein månad der snøen er  kjærkomen for både voksne og born?
Eg likar iallefall at det kjem snø – for da lysnar det liksom litt og snøen pakkar inn rundt oss og gjer det litt lunar enn berre den nakne marka.

Så kom eg på noko angåande dette med julekalendar…..
Eg var nok mellom 12 og 15 i alder og vi hadde liksom nesten slutta med kalender.
Men eg fant iallefall ut at eg skulle ha sjokoladekalendar på rommet og åpne luke fram til 24 desember.
Det endte rett og slett med TO oppspiste kalendera lenge før julafta.
Så, ikkje noko lurt å ha kalendar på rommet nei 😀

#mørketid #julekalendar #lysimørket #sjokoladekalendar  #1desember

20 kommentarer

Siste innlegg