Kvar er du, drømmemannen?
Eg tenkjer som så, at om ikkje nøkkelen passar, og låsen ikkje går opp, då er det ikkje den rette.
Er det verkeleg så vanskeleg?
Eg har nok truffet drømmemannen et par gangar og kanskje tre…. men har teke valg i feil retning.
Men dei feile valga har ført meg dit eg er i dag.
Så kvar er du då?
Fins du?
Du som tek meg med storm, sveipar føtene under meg, og pang.
For det er vel slik?
Eg, sjølverklært kunstnar, sjølvstendig i det meste, men treng deg i livet mitt.
Du som kan ta meg med på kino, konsert, teater, opera, kafebesøk, middag, berre ein kopp kaffe eller om så var, ein båttur eller noko anna.
Ja, for eg blir gjerne med!
Eg som elskar naturen.
Fjell og fjøre.
Sang og musikk.
Kanskje gjer du også det.
Elskar naturen?
Eg og mi eigatid som eg er så glad i.
Men likar ikkje alltid være aleine.
Tenk om eg og du sit og har same ynskja.
Den same draumen om å være to.
Flire av det same og site tett i lag og dele tankar.
Eg trur at nøkkelen må passe for at draumemannen skal kome inn.
Og så er det opp til meg og deg og låse opp.
Så kvar er du då, draumemannen, som tek meg med storm og sveipar føtene under meg, så det seier pang.
Og då seier det pang begge vegar!
Vi tek kvarandre med storm og sveipar føtene under kvarandre – pang!
Når vi då ligg der, etter smellen, er det det spanande startar.
Klarar vi kome oss på føtene?
Eg håpar eg treff deg, eg sjølverklærte, sjølvstendige, friluftselskande og kulturglade meg.
Og at nøklane passar.
#drømmemannen #snømannen #nøkkel #pang #tomåenvere