kritiske blikk

 

Det er ikkje før kritiske blikk fangar di merksemd, at du tek det innover deg
Kva blikka sa, veit du ikkje, utan om di eiga tolkning
Det du trur blikka sa deg
Og det trykkjer deg ned
Du tolkar det dit hen, eit nederlag, du må ta deg saman
Var det noko gale med utsjånad
Var det noko gale med buksa, genseren eller håret
Var det andletet
Er du for tjukk
For tynn
Du graver deg ned i eit tankekjør om kva dei kritiske blikka eigentleg sa deg
Og øydeleggelsen er i gang
Du klarar ikkje finne noko positivt
Du trøystespiser eller spiser ikkje i det heile tatt
Men, var blikka eigentleg kritiske
Har katastrofetenkinga vore heilt unødvendig
Det var dei kritiske blikka du fanga opp
Var dei eigentleg meint for deg
Du får ikkje svar på det uansett kor du snur og vendar på det
Spegelen står der, og du ser nøye
Så går du ut døra til ein ny dag
Smeller litt med døra, og seier høgt inn i deg:
eg er bra nok!

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
29. mai 2026

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt #kritiske

4 kommentarer

    1. Ja, ofte er det en selv som er den verste fienden. Det er ikke nødvendigvis noe i det at noen ser på deg med kritisk blikk, det ver VI som lager oss en tanke om de kritiske blikkene 🙁 Smell litt med dørene, vi er bra nok!! 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg