som før…

 

 

Det som var
Eg tenkjer på det som var
før mars 2020
Livet
det å gjere som ein ville
og være trygg, reise og berre gi ein impulsiv klem
Så slår det meg
no i januar 2021
det blir ikkje som før
Ingenting blir som før
Men eg håpar vi kan
nærme oss “slik det var før”
så godt det let seg gjere
Då vi impulsivt kunne gi ein klem,
livet generelt var på normalen
og vi kunne halde hender
Eg håpar

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#eghåpar #haldehender #gieinklem #minedikt #etdiktomdagen #dikt #tankarblirtilord

6 kommentarer

Siste innlegg