Pinni…

 

Du må ikkje tru anna enn at det var snø ute, då vi vakna i dag
Jaja… ikkje noko å gjere med det
Grip dagen seiast det 😀
Så gjer vi det då, så godt det let seg gjere

 

🚶‍♀️🐕

Hund og menneske går runda rundt mot lavoen og forbi,
og i og med snøfallet, kjem eg i tankar om korleis det går med lisje konglefrøet, Pinni.
Og når vi nærmar oss lavoen, så får eg vite akkurat det, korleis det går.

For der står Pinni i åpninga inn til lavoen
God morgen, ropar ho!

Har du komt heilt hit?!

Ja, seier Pinni… det byrja snøve i natta og eg fekk hjelp av ei skjor til  å kome meg i ly.
Eg gjekk langs elva då snøen brått tok til, og hadde det ikkje vore for småfugl og ei skjor, så veit eg ikkje
Skjora ville fyrst bruke meg til å bygge reir av, men eg ropte at eg berre var eit konglefrø på eventyr, og då skvatt skjora til og glapp så eg falt i bakken. Skjora beklaga seg og lurte på om eg trengte hjelp

I lavoen har eg fått ein høneblund, flirar Pinni – sjølv om eg syntes den snømannen på utsida var litt skummel til å byrja med…
men så fant eg ut at han kanskje stod der som vakt for meg.

Det er så godt å kunne hjelpe og få hjelp, seier Pinni.
Det er ikkje alt eit konglefrø heller klarar, alltid.
Og då er det godt å vite at det fins gode hjelparar rundt omkring

 

Ferda går vidare for både hund, menneske og lisje konglefrøet Pinni.
Kvar si retning…

Til vi sjåast igjen, ropar Pinni!
Til vi sjåast igjen…

 

 

 

 

 

Lag deg ein fine laurdag der du er ☃️

5 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg