atsjooo

 

forkjølinga fyk rundt oss
alle skal få….
atsjooo  snyyyt host og hark
nedbråten og full i feber
det er så vidt ein ser land på grunn av tårevåte auge
biholene pressar på frå øverste etasje
og huda rundt nasa heng i lause filler
nasa er tett
og munnen tørr som ørkenen i sahara
det kan ikkje være til å overleve
heile kroppen er ute av kurs
men så letnar det brått
frå eine dagen til den andre har biholene gløtta på sløret
det går å puste gjennom nasa
åh du store mi tid for ei lette
dette går vegen
så ein dag var alt elende gløymd
berre hudflaka og såra rundt nasa vitna om at noko hadde vore

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
november 2023

 

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

6 kommentarer

Siste innlegg