Så om du klikker inn på navnet hennes over, finner du hva det er og ser også de nydelige dråpebildene. Utfordringen går på å sette ord/dikt til et av bilda hun har lagt ut.
Jeg valgte meg bilde nr 10 og satte desse orda til et flott drĂĄpebilde:
som perler pĂĄ ei snor ulike kvar og ein
kva romar dei desse perlene? denne vakre drĂĄpen som lagar seg sĂĄ flott
ein etter ein henger dei der som diamantar
dei kjem i fra oven og landar her hos meg
slukker tørsten hos noko som spirar
drĂĄpen forsvant og ein ny kom til som perler pĂĄ ei snor
Den riv og røsker, vinden. Den pisker regn mot tak og vindauge. Det suser og buldrer rundt nova. Kan ikkje det snart take slutt, dette uværet som no er her.
Det er ikkje måte på korleis det skal blåse og regne. Lavtrykka står i kø. Stormane står i kø. Og regnet står i kø.
Vinden dytter køa framover så været henger som pærler på ei snor. Vinden røsker tak og dreg opp med rot. Og regnet blir til elvar som skyller avgårde.
Vinden og regnet; ei opprensking? Håper det snart er over for denne gong. At vinden løyer og regnet sig av.
FRI Gratulerer med dagen! 8. mai og frigjeringsdagen.
Eg veit ikkje om noko anna enn eit fritt Norge. Eit fritt land. Mitt land.
Eg er oppvaksen med lærdom frå mine foreldre og besteforeldre. Då krigen kom til Norge 9. april 1940. Og om kampen dei norske var med i for land og folk fra 1940 – 1945.
Eg har sett mange filmar. Mine barn har vore på reis og sett fangeleirar på nærthald. Aldri meir må noko slikt få skje!
Eg er stolt over landet mitt og er heldig som har mi friheit. Vi kan ikkje forestille oss kva dei gjorde, dei som kjempa for eit fritt Norge. Hadde vi klart ĂĄ gjere det same i dag? Eg veit ikkje.
Det er andre tider. Men vi må aldri gløyme. Eg er takksam for dei som har bygd opp landet og kjempa kampane.
Kva skal du gjere fyrst eller sist? Kva skal du ta tak i? Du gĂĄr ut. MĂĄ klarne tankane.
DĂĄ har du begynt sĂĄ smĂĄtt ĂĄ ta tak. Det er det som er det viktige. Begynne i det smĂĄ, ta tak og kome pĂĄ rett spor.
Det er slik av og til, at ein ikkje forstĂĄr noko som helst. DĂĄ fĂĄr ein berre ta eit steg framom det andre. Og forhĂĄpentligvis forstĂĄr ein litt meir etter kvart.
Av eit lite frø vert du til. Du formes som ein start i mammas mage. Ein dag, ja då er du klar, og du kjem ut, til ei heilt ny verden.
Hjelpetrengande til alt, du er. Eit lite barn av kjærleik her. I våre armer du ligger trygt og din reise har nå begynt.
Eit lite knøtt som vokser til, lærer fort og stoler blindt. Ja, stoler blindt på oss som vaksne. Vi, læremeistere og trygge klippe.
Du ser på oss med forventningsglede. Alt du lærer, alt du klarar og alt du tek inn gjennom barnesinn. Ei lita barnehånd i trygge hender.
Eit lite barnesinn, fullt av inntrykk. Lærer om alt som er rett og galt. Og tar sjangser i denne verden.
Eit lite mysterie har så blitt vaksent. Har lært av dei som var vaksne først. Dei kommer etter med åpne auge, og vi vikar plassen, det er deres tur.
Dei småe mysterier, slik vi ein gong var. No er dei vaksne og fulle av lærdom. Så står du der med eit lite knøtt og ser i augene til eit nytt mysterie.
Ei lita hand. Alt læres på nytt. Eit lite mysterie skal få del i verden. Som alle før oss og alle etter oss, som meg og deg, vi er små mysterier.