muligheitene

 

Så er den her igjen,
ny dag og nye muligheiter
Same ka dag det er, så er muligheitene der
Det som ikkje er det same, er at det er ubrukt
Eller, det er det kvar dag, ubrukt
Og då er det det same då, kvar dag
Ubrukt og uoppdaga
Uansett kor vi sliter med å kome oss opp i dagen,
eller spretter opp og er klare
Muligheitenes verden ligger framom oss dag inn og dag ut
Uansett ka du seier, så er det ikkje ein dag som er lik
Følelsen er alltid bittelitt annaleis

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
26. februar 2024

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

frå ein til hundre

 

 

Frå ein til hundre og frå hundre til ein
Hundre tal, og kva skjuler seg bak
Eit navn og ein person, ei liste, du er rangert
Kor mange klikk du får, kor mange lesara du har
Er det navnet som tel, er det bildet som sel,
eller er det ei prangande overskrift

 

Kva skjuler seg bak, kvart eit navn er salgbart
Eit klikk, og du er inne,
kva er det å finne,
og kva vil denne personen også vinne
Kva selger den,
kva fortel den,
kva er historia,
kva er poenget
Av nysgjerrigheit så klikkast det inn
Frå hundre og ned til ein, og frå ein og opp til hundre

 

Ei longe liste, monge tal
Og desse tala skjuler mykje, og navna kanskje endå meir
Berre eit klikk er du unna å kome inn til det private
Frå ein til hundre eller motsatt søk
Det er då du kjem på besøk

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
25. februar 2024

 

 

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

sansane

 

Det er så mykje du legg merke til
Sansane er på tå hev heile tida
Når du sit og nyt ein kaffe, du lyttar og observerar
Når du går dine turar, korte eller lengre
Alltid noko å oppdage
Når du står i kø, ventar på noko eller nokon, er det noko å legge merke til
Sansane er på, og evnen til å motta er over snittet høg
Ting du kanskje ikkje skulle sett eller høyrt, sett eller lagt merke til
Sansane,
på høg-gir,
og jobbar utan at du tenkjer over det

Å ta innover seg slike inntrykk, er ikkje alltid like positivt
Men det å åpne eller være åpen, være mottakelig, er ei gave
Eller ikkje rett ei gave, kanskje ei belastning like så
Det meste lagrast og sorterast, og mykje kvernar i systemet
Å være “pålogga” heile tida, og legge merke til alt som skjer,
kan være vèl så slitsamt som det er morosamt
Desse sansane har du sansen for,
trur du

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

 

 

Syn, hørsel, lukt, smak og følesans regnes som våre fem sanser.
Uten sansene ville ikke nervesystemet ha vært i stand til å styre kroppen og kroppsfunksjonene, og ingen informasjon ville blitt lagret i hukommelsen.
tekst kopiert frå google

over alt på jord

 

ein klump i halsen
og tårene fyller opp
stoltheita er enorm
den varmar bringa og heile kroppen

kjærleiken er så stor
og den kom slik brått igjen
utan forvarsel
stoltheita over dei to som står på eigne føter
dine hjartesteinar
som du elskar over alt på jord
over alt

og sjølv om dei ikkje er dine lengre
slik i daglig liv
så er dei det uansett og for alltid
dine to hjartesteinar
vaksne no, og eigne liv
men det spelar inga rolle
kjærleiken aukar berre
stoltheita brer rundt seg

men prøvar la det gå stille for seg
skryt ikkje uhemma
snakkar ikkje over deg
berre stille stille i ditt hus
der kan stoltheita bre rundt seg
og hjartesteinane spring med barneføter
i minna

staute flotte sterke som dei er i dag
to hjarte og ei stor kjærleik
det er så stort
ikkje for stort, men på nippet
og du elskar dei over alt på jord

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

#minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord

det buttar frå alle kantar

 

Du føler det meste går i mot
Det buttar frå alle kantar
Og du seier ifrå
Du vil gjere noko med det, men blir oversett
Ingen høyrer, og alle berre jattar med
Eller gjer dei det, eller ser dei ned på deg
Motgangen er ikkje stor, men stor nok til at den følast
Og det er ikkje godt på nokon måte
Det gnagar

Kvifor står i stampe, og kjem ingen veg
Rosene kan være så raude som dei berre vil,
men falskheita syder igjennom og svir dei vakre blada
Eit etter eit fell dei, blada, og du ser kva som er problemet
Det går å gjere noko med det
Om det så er å starte med deg sjølv, og ta steget ut i det ukjente
På nytt, igjen,
Du har løyst så mykje frå før av, at dette går nok dette og,
tenkjer du

Du er sterk i deg sjølv, i stillheita du fører med deg
Ikkje alle treng å være høglydte
Ikkje alle har den eigenskapen av hardheit, ikkje du, eller kanskje har du det
Roseblada raudna brått, ikkje alle var svidde eller uttørka
Ein ny start, eit nytt kapittel, og du midt i det,
som ein vakker nyutsprungen rose-bukett

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
23. februar 2024

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord

tirsdagen

 

Tirsdag –
kjedelige tirsdagen –
du syntes det den gongen, for lenge sidan
Tirsdagen,
som kom etter mandagen og helga…
Tirsdag, og det er så lenge igjen til neste helg
Åh kjedelige tirsdagen!

Tirsdagen,
der det var fjernsynsteater,
med drama, spelt av to mennesker rundt eit kjøkenbord –
kanskje var det skilsmisse dei krangla om, og dei gråt voldsomt
Tirsdagen, det var liksom berre ein slik usynleg dag som gikk sin veg inn i onsdagen –
midtveke-dagen som gjorde at det snart vart fredag og helg!

 

Tirsdag i dag er ein ok dag det
Tirsdagar er også kor-øvingsdagar
Er det noko ellers spesielt ved tirsdagen då?
Det er fortsatt starten på veka, og det er lenge til helg

Den er ikkje så dum denne tirsdagen
Kan brukast til så forskjellig
Det er liksom ein;  “der det kan skje alt mulig-tirsdag”
Eller er den litt anonym og i svart kvitt blitt, litt hengande etter blåmandagen
Tirsdagen er spranget inn i resten av veka det vel

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
5. mars 2024

 

 


#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

lykke

 

 

Kvardagslykka – kvar finn ein den
Kan ein få kjøpe den eller låne den,
eller har ein den rett og slett utan å vite det
Også er det dei som har den heile tida
Men om vi leitar godt nok – då finn vi den vel?
Kvardagslykka er over alt?
Kvar som helst?
Kvardagslykka i alt og ingenting
I det uventa og det venta

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
21. februar 2024

 

Dette diktet vart til ut ifrå innlegget tankespinn frå same dato

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

moderjord

 

eg lyttar til ditt indre
høyrer stemma di ikring meg
suset jagar gjennom vinden
bruset slår inn med havets kraft
eg lyttar til deg og kjenner ro
og i mitt indre får eg sjelefred
du vakre moderjord
så sterk og svak

tenk eg svevar i evig tid
på denne vakre lille kule
eg dinglar lett og eg slår ei trille
gynger med i virvelvinden
til eg ein dag mistar grepet
og høyrer songen så svakt så svakt
moderjord eg fall av
er det du som lyttar no

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

her og no

 

://:  kvar er du om eit år
kvar er du om fem år
kvar er du om ti år
kvar er du
kvar kan du tenkje deg at du er då
kvar…
kan ikkje tenkje meir enn dagen
kan ikkje tenkje meir enn timar
kan ikkje tenkje meir enn her og no
kan ikkje…..://:

 

framtida er der, nærmare dag for dag
ein dag om gongen
ein time om gongen
ei veke
kvar er du då, om ei veke
kanskje på same plass
veit ikkje sikkert
men ikkje mykje er forandra
her og no er det som er viktig
noko anna er ikkje av stor betydning

 

nåkre dagar fram, og alt er forandra
kvar å gå til – kvar å søke ly
kvar er du då, om tid og stunde
det er ikkje godt å seie
vi er kanskje såre og leie
kvar å gå til og kvar å søke ly
ingen stadar og inga tid å miste

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

bli fornærma

 

å være kort i talen
knapp i svar
være utålmodig
få tilbakemelding på det
bli fornærma
ta det til deg
og ta det til ettertanke
kanskje rette på det
skjerpe deg i væremåten
ikke være så hard
lytte mer og vise interesse
med andres innspill kan det blir bedre
ved å ta imot råd og tips
uten å bli såret
uten å miste ansikt
uten å miste deg selv
det er fint det
kanskje
at noen kommenterer deg og din væremåte
og kanskje ikke
blir det for nært og for sårt
personligheten får en smell
eller du bare tenker inne i deg;
dette må du ta til deg og skjerpe deg
det kan skje

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

#minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord