://: kvar er du om eit år
kvar er du om fem år
kvar er du om ti år
kvar er du
kvar kan du tenkje deg at du er då
kvar…
kan ikkje tenkje meir enn dagen
kan ikkje tenkje meir enn timar
kan ikkje tenkje meir enn her og no
kan ikkje…..://:
framtida er der, nærmare dag for dag
ein dag om gongen
ein time om gongen
ei veke
kvar er du då, om ei veke
kanskje på same plass
veit ikkje sikkert
men ikkje mykje er forandra
her og no er det som er viktig
noko anna er ikkje av stor betydning
nåkre dagar fram, og alt er forandra
kvar å gå til – kvar å søke ly
kvar er du då, om tid og stunde
det er ikkje godt å seie
vi er kanskje såre og leie
kvar å gå til og kvar å søke ly
ingen stadar og inga tid å miste
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024
#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen
Fine tanker som mine tanker til å spinne!!!!
😃
<3<3<3
❤️