det er dagen som tel

 

 

kva er viktig her i livet
noko som var viktig før, er brått ikkje viktig lenger no
kva som er viktig, tenkjer du; må vel då være god helse
du ser pĂĄ alle rundt deg, som er yngre enn deg, eldre enn deg
sånn var du – slik blir du
vil du gjere noko med det
kva kan du gjere og kva er viktig
prioritering når det gjeld deg sjølv
eigentid og eigenbehandling
egoisme
eller ikkje

kva er viktig her i livet
brĂĄtt er det dagen som tel
våkne, stå opp, sjå deg sjølv i spegelen og smile
orkar du det
for slitsamt rett og slett
orkar ikkje sjå på deg sjølv i dag
ein dĂĄrleg dag i startgropa

kva er viktig her i livet
hodet opp og føtene ned
sparke i gang sĂĄ godt det let seg gjere
det startar med deg sjølv
kva er viktig
du og spegelen
eit smil
det er dagen som tel

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
25. november 2025

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

8 kommentarer

Siste innlegg