det var ikkje dit

 

Du tek på deg og går ut.
Vegen er bestemt på forhånd.
Og du vandrar avstad i eigne tankar.
Utan å tenkje over det og utan å leggje merke til det,
har kursen endra seg.
Det var ikkje dit eg skulle,
men smilar for deg sjølv.
Så vakkert som det var her,
var det nok ei meining i å havne akkurat der.
Kanskje var det nokon som leda an.
Kanskje var det ikkje tilfeldig vandring.
Dit du skulle vart ikkje,
og dit du kom var ei meining i.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

 

#minedikt #repostminedikt #etdiktomdagen #repost #tilfeldigvandring

8 kommentarer

Siste innlegg