du er ombord

 

Det gĂĄr ei iling igjennom kroppen
Noko du ikkje føler er ok
Det er sorgens iling som køyrer hurtigtog
Du tek ikkje akkurat sorgen pĂĄ forskot, for du stĂĄr midt i den
Trongen til å rope høgt kjem brått føre deg, og du snur deg bort
Trekkjer pusten, og er tilbake, med eit smil om munnen
Eit sĂĄrt smil, frĂĄ innsida
Du vil ikkje dette
Men du mĂĄ stĂĄ i det
Du har stått i det før, og klart det
Du klarar det igjen, du veit du berre mĂĄ
Hurtigtoget sakkar farta,  og ein svak klem tørkar vekk restane av sårheita,
for ei stund
Du mĂĄ stĂĄ i det, og veit at hurtigtoget ein dag ikkje stoppar pĂĄ perrongen
Du ser på den åpne døra, som sakte er i ferd med å lukke seg
Toget er ikkje gĂĄtt, og du hoppar ombord
Sorgens ilingar og trongen til ĂĄ rope, tek ei lita pause
Det knirkar i kvar sving, og hyler nĂĄr tog-vognene bremsar,
men du er ombord

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
mai 2026

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

8 kommentarer

Siste innlegg