gratulerer med dagen

 

HIPP HIPP HURRA HURRA HURRA

 

GRATULERER MED DAGEN

 

 

17 mai kom og gjekk,
kvart år
Også lærte eg ein dag, at 17 mai var ein dato –
ja – at 17 mai falt på den 17. mai kvart einaste år
Same dato!
Og eg som trudde at dagen heitte “syttandemai” og kunne falle på kva dato som helst i mai
Ja det var noko å ta med i læringa
Alt ein lærte når ein var liten

 

17 mai var ein festdag
Det gjekk tog gjennom bygda og alle ropte hurra
Og på skuleplassen, der var det dei som hadde kledd seg ut, som tok imot oss
Det var damer og menner i kjolar og masker og fargerike gevanter
Traktor og slikt brukte dei også
Skummelt og spanande – i allefall for meg som var så liten den gongen
Det var 17 mai då

 

17 mai var ein idrettsdag
Fram med “tøysko” og shorts
Springe 60 meter det fortaste ein orka
Hoppe høgde og lengde – stille lengde
Og eg likte å konkurrere
Det vart mange appelsiner og slikt, å ta med heim
Det var premien den gong

 

17 mai var ein leikens dag
Sekkeløp
Egge-balansering med skje
Hesteskokasting
Melkespannholding
Trillebår-konkurranse
Det var så mykje som skjedde den dagen
Og vi låg på bakken og kakka remser med kinaputt, med stein…
pang pang pang

 

17 mai var isens dag
Og pølsa sin dag
Is og pølse – ete så mykje ein orka
Rjomegraut høyre til – pluss alle kakene
Også var det festen då
Med all underhaldning barneskulen kunne kome opp med
Og utdeling av premiar til dei som hadde vore dyktige før på dagen
Og tale

 

17 mai-festen var kanskje høgdepunktet
Vi hadde øvd og øvd og øvd –  vi i barneskulen
Stå der framme i bedehuset – og synge alle dei mai-songane vi kunne oppdrive
Vi sang så vi vart raude i toppen, trur eg
Og kanskje var der nokon i salen som tenkte at no må dei snart være ferdige
Vi elska å stå der på scena å synge… iallefall gjorde eg det til ei viss grad
“Kom mai du skjønne milde”
“Alle fugler små de er”
“Jeg gikk en tur på stien”

 

17 mai, og vi stod og venta på “veienden”
Vi venta på korpset som skulle kome med buss
Det fantes ikkje korps i bygda vår
Så kvart år var vi heldige og få musikk frå dei andre bygdene
Stas!
Det må være korps i fronten av eit tog
Hurra hurra hurra ropte vi på vegen rundt bygda der folket stod og venta
Toget var langt då eg var lita

 

17 mai er vi så glad i –  og det ER ein festdag!
Denne datoen og månaden som kjem med våren
Bjørka er utsprungen og flagget vaiar blant grøne tre
Været har det med å snu slike daga
Men det er vel det som er sjarmen
Hagl, regn, nordavind, sørvest, snø eller strålande sol og varme
Dagen blir uansett feira med pomp og prakt

 

17 mai og barneglede
Det er barna`s dag
Tja eg veit ikkje eg…
Det er ALLE sin dag
Det er heile Norge sin dag
Både ung og gamal – barn og voksne sin dag
Bunaden glitrar – det norske flagget strålar – og folket med
Norge sin dag, i raudt –  kvitt og blått

 

17 mai-feiring kvart år – og kva er det vi feirar?
Det er sjølve grunnlova vi feirar
Som vart underskreven på Eidsvoll i 1814
Norge sin nasjonaldag
Demokratiet lenge leve
Det er vi stolte av
Det bør vi være stolte av, og verne om

 

17 mai – same dato kvart år
men havnar som regel på forskjellige dagar
I år havnar 17 mai på ein onsdag
Vi gjer oss klare
Stryk bunadsskjorta, finstasen blir klar,
og flagga ser fine ut
Det gjer noko med oss
Sjå flagga som vaiar, høyrer korpsmusikken, og vår eigen song

 

Vi er heldige
Vi er stolte
Vi er eit Norge i raudt kvitt og blått
Vi har eit demokrati
Vi har ei stemme
Likheit, friheit og rettferdigheit!

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

 

 

JA VI ELSKER DETTE LANDET

1.
Ja, vi elsker dette landet,
som det stiger frem
furet, vejrbidt over vandet,
med de tusen hjem.
Elsker, elsker det og tænker
på vor far og mor
og den saganat, som sænker
drømme på vår jord.

2.
Dette landet Harald bjærged
med sin kæmperad,
dette landet Håkon værged,
medens Øjvind kvad;
Olav på det land har malet
korset med sitt blod,
fra dets høye Sverre talet
Roma midt imod.

3.
Bønder sine økser brynte,
hvor en hær drog frem;
Tordenskjold langs kysten lynte,
så den lystes hjem.
Kvinner selv stod op og strede
som de vare mænd;
andre kunde bare græde;
men det kom igen!

4.
Vistnok var vi ikke mange;
men vi strak dog til,
da vi prøvdes nogle gange,
og det stod på spil;
ti vi heller landet brænte,
end det kom til fald;
husker bare, hvad som hændte
ned på Fredrikshald!

5.
Hårde tider har vi døjet,
blev tilsidst forstødt;
men i værste nød blåøjet
frihed ble oss født.
Det gav faderkraft at bære
hungersnød og krig,
det gav døden selv sin ære –
og det gav forlig.

6.
Fienden sit våben kasted,
op visiret fór,
vi med undren mod ham hasted;
ti han var vår bror.
Drevne frem påstand av skammen
gik vi søderpå;
nu vi står tre brødre sammen,
og skal sådan stå!

7.
Norske mand i hus og hytte,
tak din store Gud!
landet vilde han beskytte,
skønt det mørkt så ud.
Alt, hvad fædrene har kæmpet,
mødrene har grædt,
har den Herre stille læmpet,
så vi vant vår ret.

8.
Ja, vi elsker dette landet,
som det stiger frem
furet, vejrbitt over vandet,
med de tusen hjem.
Og som fædres kamp har hævet
det af nød til sejr,
også vi, når det blir krævet,
for dets fred slår lejr.

 

«Ja, vi elsker dette landet» er en patriotisk sang skrevet i 1859 av Bjørnstjerne Bjørnson og tonesatt av Rikard Nordraak. Fra midten av 1860-tallet til begynnelsen av 1900-tallet overtok denne sangen gradvis som den mest anerkjente norske nasjonalsangen.

17 mai betydning

 

 

Gjer dagen fin sjølv om det er grått ute!
La dagen skine sjølv om det er vått!
Lyft handa høgt til vers, med vårt vakre flagg
Hipp hipp hurra hurra hurra!

 

Stå deg vel ❤️

Gratuler med dagen!

 

10 kommentarer

Siste innlegg