Julekalender i adventstida – 2. desember

 

JULEROSER
(2019 redaktør Herborg Kråkevik)

 

 

LUKE NR 2

 

Dei stjernene

tenk sommarstjerna
i slik smil av ein kveld
og pĂĄ vide strender i livet
vandra i sanden
lena meg, kyssa i  vinden
med eitt der oppe
sĂĄ lett glimtande
i varm skyming sjĂĄ

 

hauststjerna
noko tydeleg med den
kveldane mørke, kjølige
og livet smalare, ja sĂĄrare
men sĂĄ den kvasse blinken
halda det ut no, klĂĄrt
gĂĄ pĂĄ
eg har berre eitt ĂĄ gjera

 

vinterstjerna
med høgder og djupner i alt
det er lys og lys, men mest natt
opna meg dĂĄ
for gledene, sorgene
gĂĄ inn i
himmeltida
og aldri blir ferdig med
den stjerna sĂĄ stor ho er

 

eg vel meg likevel vĂĄrstjerna
i det heilt vanlege
grått mørke, traust morgon
eg pĂĄ veg til mitt
skaren ligg enno hard
men vårløysing òg
bekken sildrar døyvd sin gråt
og stjerna over ĂĄsen der heime
lyser for meg

 

Oskar Stein Bjørlykke

 

 

#deistjernene #advent #juleroser #herborgkråkevik #oskarsteinbjørlykke #ventetid #lukenr2 #adventskalender #julekalender #adventstid #samlagetegmont #2desember

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg