lydane som kjem

 

 

du tek deg i det..
lydane som kjem heilt ut av det blå
usynlege lydar
når du røyser deg frå ein stol
når du set deg i ein stol
skal gå ut av bilen
inn i bilen
bøye deg ned
lydane
åh!
uh!
mhm!

før eller etter ein bevegelse
har du tenkt over det
lagar du slike lydar plutselig
det er visst noko med alderen å gjere
eller er det det
berre noko som har skjedd
vane eller uvane

åh!
røyste deg visst frå stolen….
så kom den igjen
den lyden du ikkje vil lage
uh!
kanskje fordi det har blitt tyngre å bevege seg
ja svaret heng i lufta
det er vel slik det blir
mhm!

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
14. januar 2025

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

 

8 kommentarer

Siste innlegg