Akkurat slik som du, sprudlande
Hæ?
Er eg sprudlande?
Ja, klart det
Åh tusen takk altså!
Og det gjer noko med deg, når du mottek ein slik kommentar
Du blir glad innvendig
Og takknemlig
Stolt også, ja, for du veit at du ikkje er sprudlande heile tida
Kven er vel det?
Men når du utad får fram kanskje di beste side, det er positivt
Det hadde ikkje vore artig om den sure og sinte sida kom fram
Den kan være meir av det private slaget
Jaudå, for den kjem den også, men takk og lov; ikkje heile tida
Sprudlande, ja,
det kan du ta til deg, og prøve leve etter
Å være sprudlande i kvar ei setting, nja, det er ikkje noko å hige etter
Men, det å være imøtekomande og hyggeleg, det trur du er nøkkelen
Det ligg i ordet, sprudlande, når du smiler og seier “hei”
Avvisning fører ikkje til noko, sjølv om det kan være nøkkelen også, ein gong i blant
For det er ikkje alle anledningar som treng sprudlande åtferd
Men du veit, ja, kva som er meint her
Vi treng alle å føle litt sprudling i blant
Ikkje sant?!
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
26. mars 2026
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt




Jeg liker sprudling, og jeg liker å være sprudlende, men noen ganger krever det for mye energi…
Ikke sant!
Sprudling er viktig… får lyse dager av det! ❤️
Ja det får man – lyse dager 😀 <3 klems