stein for stein

 

Du ser ut over havet, og tårene renn
Kvifor
Kvifor var det slik
Kva er meininga med dette
Fortvilelsen riv og slit i deg
Du er sint og trist, tårene renn som trassige elvar ned andletet ditt
Du orkar ikkje tørke tårene – dei renn i strie straumar
Ein stein ligg i handa di, og du kastar den, langt ut
Så langt du klarar….
Så tek du ein til, og ein til, kastar og kastar, til du er heilt tom
Du mistar krafta i arma og tårene har stilna
Sorga flyt der ute, og har sunket til bunnen med steinane
Du står i stillheita og kjenner på fred
Ei indre fred du ikkje har kjent på lenge
Noko i kroppen har stoppa opp, som ein pauseknapp er trykt ned
Steinane du kasta, tok med seg sinnet, fortvilelsen og sorga
Det hjalp det, denne gongen, å stå der i strandkanten, å kaste stein for stein
Sorga slapp taket og du fekk ei pause
Sinnet har sege av, og fortvilelsen like så
Akkurat der og då var det slik
Og du veit, det er slik du kan bearbeide,
stein for stein,
slik sorga blir litt lettare å bære

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
april 2026

 

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

10 kommentarer

Siste innlegg