takk for det gamle…

 

Året 2020…
Kva kjem du til å hugse frå dette året?

 

Januar – planar blir lagde…

Slutten av februrar..
Usikkerheit via nyheiter – land er rama…

 

Kva skjer?
Men det gjeld ikkje oss?
Jau, så gjaldt deg også oss…

 

12. mars….

 

 

Det er vel fleire ord som kan nevnast…
Nye ord bl.a…
Eg nevner dei ikkje…

Eg vil hugse det som annerledesåret med 1-meteren, munnbind og skråe blikk..

Der ein heldt pusten og kika ut i verda gjennom nyheitene og fekk inn dei ufattelege dødstala
Og kva tenkte Sverige på?
Kven hadde den rette taktikken?

 

 

 

 

 

Rykta som gjekk om KVEN som hadde fått kva…
Og dei som hadde fått det, i følge rykta,  visste det ikkje alltid sjølve ein gong…

 

Det store og avgjerande valget i USA,
og helsesektoren som brått ikkje jobba 110 % men 210%

 

Barn og ungdom som ikkje fekk oppleve eit vanleg skuleår med alt det innhald som gjer eit skuleår til det beste akkurat det året….

Konfirmanttida..
Russetida..
Første skuledag..
Barnehagen..

 

 

Annerledes på alle måtar.
Nye lover og reglar – uforståelige og forståelige…
Hald avstand og ikkje handhelse.
Ikkje besøke og ikkje gi ein klem
Redsla over å kanskje ha fått det, og smitta andre
Ta testen!
Vente vente vente….
Karantene

 

 

Året 2020 der påska kom og mange vart sinte over at dei ikkje fekk fare på hytta…
Krise…
Heimekontor og heimeskule…
Akseptere og respektere, vise forståelse for ei verd i krise..

 

 

 

 

 

 

 

Sommaren der mange har sett NORGE med nye auge for fyrste gong.
Eit vakrare land å feriere i skal ein leite lenge etter.

 

 

 

 

 

Dei glippane som gjorde at ny nedstengning måtte til…

 

Krisa over å ikkje kome seg over grensa å svenske-handle…

Sydenturane….

 

 

Kva med å tenkje norskt og handle norskt og støtte bonden, butikkane/nærbutikkane og det som er i eige land.
Jau, det seig på det også…
Utanom alle dei som vart utan arbeid, og alt som vart nedstengt.

 

Konkursar
Arbeidsløyse
Støtta frå staten

 

 

 

Kva får vi ut av ei slik katastrofe?

Samhald?

Isolasjon?

Fleire med psykiske lidingar?

 

 

Ikkje samlast fleire enn 5… nei 10…. inna for ei familie sine nærkontakter –

ikkje bruke opp nærkontakt-antalet på ein gong…

 

 

 

 

 

 

Karantene..

Og kva skjer med jula?
Kan vi feire jul?

 

Muterande – farligare – vaksina, og så kom det nærmare.

 

 

Vask hendene, sprit hendene, hald avstand, ikkje besøk, ikkje sit for nært,
ikkje gå utan munnbind, ikkje vær for mange..

 

 

Forbuda står i kø – og du må våge deg å trosse dei!

 

Eg vil ikkje være den som bringar det vidare.
Men kven veit…
Både eg og du kan bringe det vidare utan å vite det…

 

 

Jula kom og var vakker!
Ikkje heilt som tenkt kanskje.
Meir stille og roleg.
Saknet etter sine, som bur andre stadar.
Saknet etter å reise, for å gi ein klem.

 

 

Året 2020 har ikkje vore så værst uansett.
Det spørs korleis ein ser på det og tek dagane.

 

 

Om ein er velsigna med tursko eller fjellsko, då kjem ein seg høgt og lavt.
Og det er god plass.

 

 

Eller ein kan være velsigna med å trivast i eige selskap…
Være glad for å ha ei bok å dykke ned i..
Gå ein liten tur..
Berre ein får gjere det som passar for seg sjølv..
Skrive eller komponere, besøke dei ein har lov å besøke…

 

Eg har mange gode minner frå 2020, sjølv
om det også har vore redlse og bekymringar og savn av venner og familie.

 

Meistringa over fjelltoppar kan også i år skrivast under på.

Gode augneblikk med venner og familie har festa seg i hjarte og sinn.

 

 

Så kan dette annerledesåret parkerast snart, og er eit minne ein ikkje skal gløyme.

 

 

Framom oss står eit nytt år og ventar.
Mykje kjem også i det nye  året til å verte annerledes,
men det er slik at ein ikkje kan ta meir enn ein dag av gongen.

 

 

Og eg veit det er enkelt å seie – men det er også sant.
Ein kan ikkje gjere ferdig fredagen, før mandagen og dei andre dagane har komt og dratt,
slik er det berre med den saka.

Eg er takknemlig – veldig takknemlig – over alt eg har <3

 

 

Og så skjer det som ikkje skal skje; jordskred
Jordraset i Ask i Gjerdrum – der naturkreftene har fått herje.
Så forferdelig at ein eigentleg ikkje har ord …
Men tankane går til dei som er rama,  og alle rundt.
Ei katastrofe
Akkurat på vippen inn i det nye året.
Og det spelar ikkje så stor rolle på ein måte, om ein har handla inn det ein treng til denne siste dagen i året.
Det er ikkje så viktig, når ein ser kva andre nettopp har mista.

 

 

Men det er slik, uansett kva som skjer i verda….
Livet går vidare her og no..

 

 

Framom oss står eit nytt spanande år og ventar,
der utfordringane nok ikkje lar vente på seg.

Eit nytt år med håp i seg.

Eit nytt år der vaksina kjem i fokus, og eg håpar DU tek den.

Eit nytt år som heilt sikkert også blir eit annerledes år.

Det er opp til deg og meg, korleis vi vil ha det… iallefall nesten..

 

 

Eg håpar du lagar deg eit så godt 2021 som det overhodet er mogleg å lage seg.

 

Takk for det gamle og velkomen til det nye året!

 

 

GODT NYTT ÅR!

 

 

 

#takkfordetgamleogvelkomenttildetnyeåret #takkfordetgamle #godtnyttår #minner #året2020 #annerledesåret #tilbakeblikk #bilder #fotografering #minebilder #hobbyfotograf #åretsomhargått

8 kommentarer
    1. Så flott og innholdsrik tankerekke gjennom det spesielle året som tikker mot sin ende. Du setter så fine og tankefulle ord på det. Håper virkelig det kommer lyse og bedre dager…. 🙂 Sender gode tanker og takker for dette året og ønsker et flott år på alle måter <3 Klem

    2. jeg skal gjøre det jeg kan for å lage et godt år ,fremdeles har vi vonde ting ,men jeg håper og tror vi kommer gjennom det og kan gå videre i livet med glede .Dette annerledes året og jordskredet som nå har gått har iallefal fått meg til å sette ennå større pris på det jeg har .Så ønsker eg deg et riktig godt nytt år ,håper vi får treffes i 2021 også

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg